Også i Eiksund vart nasjonaldagen feira som det sømer seg. Etter å ha gått i tog samla bygdefolket seg på samlinghuset der det var sal av brennsnut, kaffi og kaker. Deretter samla dei seg til 17. maifest. Her kunne dei mellom anna oppleve dei tre korpsaspirantane Ina, Victoria og Hedda spele. Anders Røyset song og spelte piano og eiksundungane song ein song med det lite optimistiske namnet "Du skal ikkje tru det blir sommar". Elles var det konkurransar. Hanne Notøy heldt tale for dagen. Festen vart leia av Emma Warholm Myrene og Kaia-Mari Sandvik Yksnøy. Emma Warholm song også vakkert songen til Ole Paus, "Vårt lille land".