Ein creeper frå det populære dataspelet Minecraft er berre ein av dei mange motiva som vil vere å sjå når elevutstillinga til Hareid musikk- og kulturskule opnar i lokala til Hareid Kunstlag fredag 29. mai. Ssit torsdag kveld var lærar Kristine Hareide i full sving med å henge verka til dei om lag 80 elevane opp på veggene.

- Elevane har fått i oppgåve å lage trofe av isopor, og dei har også hatt ei fordjupingsoppgåve i maleri/installasjon, fortel Hareide.

Resultatet av dette har i tillegg til trofea blitt fantasimaleri.

Det er 5. eller 6. gongen det blir arrangert Barnekunstutstilling på Hareid, og det har blitt den mest populære utstillinga til Hareid kunstlag.

Det kjem både foreldre og besteforeldre for å sjå på verka, og elevane synest det er kjekt å ha eit konkret mål å jobbe fram mot.

Hareid musikk- og kulturskule er 30 år i år, og etter opninga av kunstutstillinga blir det jubileumskonsert i nabohuset, Hareid bedehus.