Nyleg inviterte Gnist-barnehagen Støylane i Ulsteinvik alle foreldre og barn med søsken på aktivitetsdag.

- Det var lagt opp til ein ettermiddag full av aktivitetar og leikar på leikeplassen i barnehagen, fortel leiar Vibekke Slinning. Ho forklarer at då gjestene kom, fekk dei utlevert eit kart over barnehagen som fortalde kvar dei ulike aktivitetane holdt til, og eit ark med ulike oppgåver til ein natursti som var lagt ut på leikeområdet.

- Oppgåvene var lagt opp slik at noko kunne borna -, og noko kunne foreldra svare på. Dei to familiane som hadde flest rette fekk ein symbolsk premie, fortel Slinning.

Både barn og foreldre tok del i ulike utfordringar. Her fekk dei prøve seg på regleleiken «Her kjeme vi», ein leik som er populær hos dei eldste borna i barnehagen.

- Det var difor svært kjekt for dei å leike denne saman med foreldra også. Og engasjementet var stort her, seier Slinning.

Andre aktivitar var hugseleiken "Kims leik", det var dans og det var både sekkeløp og potetløp, lengdehoppkonkurranse, ballkast og dramaleik, slengtau og bowling. Innimellom kunne ein ogå få seg ein matbit ved grua der det vart tillaga wok og ris og grilla pølser.

- Sjølv om veret såg grått ut om morgonen var det mange foreldre og barn som kledde seg og tok turen på aktivitetskvelden. Det var mange blide ansikt å sjå, og både born og foreldre tok del med iver og glede. Det er kjekt for borna å kunne vise nokre av aktivitetane vi held på med i kvardagen i barnehagen, og kjekt for foreldra å kunne sjå og lære det som barna lærer. Fysisk aktivitet ute er ein viktig og stor del av barnehagelivet, og ein slik kveld var både sosial og kjekk for både personalet, foreldra og barna, seier barnehageleiar Vibekk Slinning som takkar alle for ein triveleg kveld.