Onsdag ettermiddag har Grimstadkoret songstund på Hadartun og på Alvehaugen, først på Hadartun på Hareid og deretter på Alvehaugen i Ulsteinvik.

Temaet for songstunda er Grundtvigs ord:” Menneske først og kristen så .....”

- Det vert mykje korsong, i tillegg til nokre korte verbale innslag, og allsong. Det er fint om også pårørande møter opp saman med bebuarane til ei

fin stund med mykje god song, heiter det i ein uttale frå koret.

Grimstadkoret har tradisjon med det å fare rundt og synge for  dei eldre og har tidlegare hatt songstund både på Hareid, i Ulstein og i Herøy.