Sande kommune kan by på ei rad med aktivitetar denne sommaren. Først ut er tidlegare vokalist i det walisiske new wave-bandet The Alarm, Mike Peters, som held konsert på Bøen gard i Gjerdsvika. Det skjer allereie laurdag 30. mai.

12. - 13. juni er det Sommarhelg på Kvamsøy. Her vert det partyteltet i hamna, sal av mat og underhaldning for store og små

13. juni er det tid for ny Kulturdokk ved Kleven Myklebust Verft i Gursken med variert program.

Det vert Sandesus søndag 14. juni ved Gamlebanken på Larsnes. Her vert det mellom anna volleyballturnering, rebusløp, teatersport og grilling.

På Larsnes vert det Sumarsamkome helga 19. til 21. juni. Dette er eit ellesarrangement mellom Landsbyen Larsnes, Idrettslaget, Varden, Sogelaget, Småtroll og Breidablik.

Haugsholmen-dagane vert i år haldne 27. - 28. juni. Det vert både barneteater og andre aktvitetar, historisk foredrag og omvisning, motbakkeløpet Kletten rett opp og elles gudsteneste, salsboder, matservering og musikalske innslag .

Halletun er staden å vere 5. juli. Då vert det feira Syftesok med Eliasbåt, bål  og rømmegraut

Orgelsommar i Sande er ein konsertserie som blir arrangert kvar sommar på Sandsøya i Sande kyrkje. I år kan arrangøra by på The Brazz Brothers søndag den 12. juli, 9. august kjem Sølvguttene og det heile vert runda av 26. august med den tyske organisten Angelika Credé.

7. og 8. august brakar det laust med sommarshow på Gamlebanken på Larsnes.

Fotballturneringa for alderbestemte lag, Gursken-cup, finn stad 23.august.

Ved inngangen til hausten, 5. og 6. september, rundar kystfesten Maritime dagar i Gjerdsvika av det heile med god heimelaga lokal sjømat, program og aktivitetar.