Dette året har Hareid og Ulstein Husflidlag satsa på å bruke temakveldane sine til å lære dei gamle teknikkane hakking og pjoning.

På videoen over kan du lære deg pjoneteknikken

- Rundt omkring i fylket vårt sit det no fleire som kan dette etter å ha vore med på kurs i regi av fylket, og temakveldar rundt om i lokallaga. Det ville vi også, så no i vår har tema på alle kveldane vore hakking, og til hausten vil vi prøve å lære pjoning, fortel Therece Herstad som er leiar i Hareid og Ulstein Husflidslag.

Onsdag held husflidslaget sin siste temakveld om hakking.

- Alle handarbeidsinteresserte er velkomne til å vere med på møta våre, så bli gjerne med. Dette er noko vi har felles, og jo fleire ein er jo kjekkare er det, seier Herstad.

Lokallaget leiger lokale på Kulturoasen på Bigset, gamle Bigset skule, og held til der på kveldane sine.

- Vi har plass til fleire, og det er alltid fint med nye ansikt og nye idear, for det gir inspirasjon til nye handarbeidsprosjekt, oppmodar Therece Herstad.