Forfattaren Edvard Hoem gjestar først Ulstein kyrkje den 29. mai. Det gjer han saman med dei tre musikarane Jorun Marie Kvernberg, Hilde Brunsvik og Dag-Fillip Roaldsnes. Ensemblet skal innom sju kyrkjer i Møre og Romsdal i løpet av konsertturnéen "No kallar sol og sommarvind". Turnéen, som byr på både jazz, soul, folkemusikk og salmar, vert avslutta i Ulsteinvik.

Dei fire i ensemblet har ein variert bakgrunn. Edvard Hoem er som kjent forfattar og han vil lese frå dei siste romanane sine. Jorun Marie Kvernberg er folkemusikar medan Dag-Filip Roaldsnes er jazzpianist. Vokalisten Hilde Brunsvik er mellom initiativtakarane til Klangfestivalen i Fræna, der musikarar frå mange kantar møtest på tvers av ulike sjangarar til heilakustisk samspel.

På repertoaret har dei både kjent og ukjent og nytt og gamalt. Konserten vert avslutta med salmekveld der publikum får vere med på å synge Hoem-salmar.

Under Smak av Ulstein er det tid for eit nytt Hoem-besøk. Det skjer i regi av Ulstein Folkebibliotek og finn stad i lokala til Sjøborg kino den 11. juni. Her vil Edvard Hoem lese frå den siste romanen sin, "Slåttekar i himmelen", der han har dikta rundt sin eigen oldefar, Knut H. Nesje. Oldefaren levde i ei tid prega av hard arbeid og mange valde å utvandre til Amerika. Boka har fått svært gode kritikkar og vert mellom anna karakterisert som eit sanseleg praktverk.