Eit av innslaga under Opplev Hareid-arrangementet i sommar blir framstilling av mjøl på ”gamlemåten” i den restaurerte kverna i Hareidselva.

Dette kom fram då Rakel Dyrhaug denne veka på vegner av Hareid næringsforum røpa litt av det som er på gang under opplevingsdagane 2.-5. juli.

Johs R. Hareide og Sverre Ulstein, som er Rotaryklubben sine ansvarshavande for mjølproduksjonen, fortel at Hareidskverna no er sett i slik stand at dei kan leie inn vatn frå elva og få kvernsteinane i arbeid. - Det einaste vi manglar, er korn, fortel dei. – Og det skal vi få tak i.

Opplevingsdagane har enno ein del lause trådar vel ein månad før, men desse vil feste seg etter kvart, trur Dyrhaug, som kan opplyse at det er lagt opp til ”tjuvstart” helga før – 27.-28. mai. Laurdagskvelden held rideklubben ”halldans” i ridehallen i Hjørungavåg – og dagen etter ulike rideaktivitetar. Denne tjuvstart-søndagen skal også Rotaryklubben ha sin mjølproduksjon.

- Vi skal ha arrangement i alle krinsar - og i år vil vi også dekke alle aldersgrupper, fortel Dyrhaug.

Geirr Lystrup kjem

Tilreisande attraksjon blir den kjende visesongaren Geirr Lystrup, som skal både halde barnetime for dei minste på Hareid bedehus og deretter ha ein visekveld på Hadartun. Begge arrangementa blir på fredagen.

I Brandal blir det som ved tidlegare arrangement gudsteneste om bord i ishavsskuta Aarvak den siste søndagen – og same dag blir Bigset-krinsen representert med jollesegling på Holesanden. Der er det også meininga at Elias-båten skal vere. Tidlegare i veka dukkar han opp i Hareid-hamna. Avslutningssøndagen ligg det også til rette for å ta turen til ”Open Gard” i Hjørungavåg.

Arrangøren set ikkje opp noko telt i år, men Parken blir likevel eit sentralt område der mykje vil foregå. Der blir sjølvsagt tivoli – og i høve «Friluftsåret 2015» har speidarane lagt opp til ein ”villmarkscamp” på laurdagen.

Som tidlegare år vil Saniteten stå føre ein frukost denne opplevingslaurdagen – og dei politiske partia skal også få høve til å vise seg fram.

Eit spesielt tiltak i år blir ein ”bryggjerikveld” på Melshorn Hotell. Fredag kveld kjem Grim & Gryt og presenterer bedrifta og produkta sine der. Det blir eit arrangement med reserverte plassar og der ein får lære å kombinere øl og mat. Karane bak bryggeriet har verkeleg greie på det dei driv med.

Gløymast må heller ikkje at Hareid kunstlag held sommarutstillinga si desse dagane – i galleriet i Kjøpmannsgata.