Gratisarrangementet "Ta Sjansen" som blei arrangert i hamnebassenget i Ulsteinvik sentrum under Trebaatfestivalen i 2008 og 2009, samla tusenvis av tilskodarar. Arrangementet vart ein av dei store suksessfaktorane for festivalen og no vil Trebaatfestivalen vekkje det heile til live att.

- Ja, vi har lyst å arrangere "Ta Sjansen" igjen, seier Trebaatfestivalen sin presseansvarlege, Tom Henrik Muggerud engasjert. Han kan fortelje at dette er noko dei har hatt planar om i eit par år no, og ser at 10-årsfeiringa er eit ypperleg tidspunkt for å relansere "Ta Sjansen".

- "Ta Sjansen" består kort og greit av at folk i området byggjer seg ein heimelaga farkost som gjerne har ein symbolikk eller to, set utfor ein rampe i sjøen og freistar å treffe ei bøye i sjøen på kortast mogleg tid. Dette skapar sjølvsagt mykje action, moro og eit veldig engasjement, seier Muggerud.

Han opplyser at farkostane ikkje nødvendigvis treng å vere så avanserte, men at det legg ut nokre grunnmål på nettstaden til festivalen om kor kor brei og lang farkosten må være, for at den skal passe på rampen.

Ny plassering

I år skal Ta Sjansen arrangerast inni bukta ved sjøsida og hotellet, og området er etter arrangørane sitt syn heilt perfekt.

- Etter at hamneområdet no har fått nye kaifrontar mot sjøen, er dette ein flott plass for publikum å bivåne det heile, samtidig som det er midt i vårt eige festivalområde, fortel Muggerud.

Sjølve ideen til Ta Sjansen er teken frå NRK si satsing under same namn på -80 og -90 tallet, der farkostar frå heile landet melde seg på, og rann utfor rampen i Besserudtjernet ved Holmenkollbakken. Det populære arrangementet vart i ei årrekke sendt på NRK.

Muggerud fortel at dei har mange gode minne frå sist dei arrangerte Ta Sjansen, og han fortel gjerne med store ord kor stemninga og engasjementet gjorde dette til ein suksess for Trebaatfestivalen.

-Eg hugsar spesielt godt Ta Sjansen i 2008, då vi var førebudde på at eit par hundre menneske kom for å sjå, og overraskinga var stor når over 3000 tilskodarar dukka opp i fineveret og hoia og heia på båtane som sette utfor rampen i sjøen.

Det var heilt rått! Eg var programleiar og vart sikkeleg engasjert. Eg ropte meg nesten ihjel på grunn av at eg syntes dette var så fantastisk moro! Det var folk overalt, både langs fjøra, på bryggjene og i eigne båtar,  fortel Tom Henrik Muggerud entusiastisk.

Han seier at litt av litt av moroa var at fleire bedrifter og butikkar nytta høvet til å lage båt, og då båtar som gjerne hadde tema eller utsjånad ut i frå bransje eller det dei dreiv med.

- Det er altså fullt mogleg å vere med både for ein vennegjeng, eller arbeidskollegaer som ønskjer å byggje seg ein farkost og få litt action i hamna under Trebaatfestivalen, proklamerer  Tom Henrik Muggerud. "Feite" premiar vert delt ut i samband med både raskaste båt, juryprisen og fiaskoprisen.

-Der er mange kreative sjeler der ute som likar eit "stunt" eller to,  avsluttar Tom Henrik Muggerud med eit smil og ber alle som har lyst til å vere med ta kontakt via Trebaatfestivalen sin nettsider eller på Facebook.