3. juni slepper Sølve Styve singelen "Hidden Places", men dagen før inviterer han til førpremiere og intimonsert i Ulsteinvik. Det skjer på Bakargarden tysdag kveld og alle er hjarteleg velkomne.

Ei pressemelding som er sendt ut i høve den nye singelen, fortel at "Hidden Places" vart til på gitaren, og forma seg vidare i studio til ei herleg popballade som handlar om ei sterk, men diffus, lengt etter noko. Kanskje etter ein draum som ein hadde gløymt at ein hadde eller ei slags fridomskjensle.

Sølve Styve er oppvaksen i Ulsteinvik og 24-åringen har skrive og framført eigen musikk i over eit tiår. Han er eit kjent namn i band- og musikkmiljøet her heime, men no har han base i Oslo. Der kombinerer han jobb og jakta på artistdraumen.

Sølve debuterte som soloartist i fjor med singelen "Fly Away", seinare kom dobbelsingelen "Point of Intersection", medan den nye singelen, "Hidden Places", er først ut av låtane som er planlagt utgitt  i 2015. 11. juni skal Sølve ha ein større konsert på John Dee i Oslo.

Sølve Styve kjem heim til Ulsteinvik med intimkonsert på Bakargarden i samband med førpremieren på den nye singelen "Hidden Places". Foto: FRÖD Musikkselskap