Arrangørane av Trebaatfestivalen i Ulsteinvik, 12. - 16. august, ynskjer seg enda fleire småbåtar. Dei vil slå eit slag for alle båtane som ligg rundt omkring og samlar støv.

- Ja, vi trur at det ligg sikkert hundre forskjellige småbåtar i naust, sjøhus og løer på Sunnmøre, seier Tom Henrik Muggerud i Trebaatfestivalen.  Desse vil han at folk skal leite fram og kome på trebåtfestival med.

- Her i området er det heilt sikkert både  trepramar, notbåtar,  færingar eller kanskje til og med ein åttring. Dette er historie som ligg og støvar ned og blir gløymt. Nokre heng oppunder taket, eller ligg inst i naustet nedlessa i gamle garn. Kanskje ligg til og med båten godt stelt, klar for neste tur som aldri blei noko av, fordi plastbåten gjorde sitt inntog, filosoferer Muggerud.

Fortener plass

Tom Henrik trur at sjølv om desse båtane har blitt liggande i årevis uten å vere på sjøen,  kan dei etter ei raskt vøling på ny vere klar for sitt rette element.

– Det  er færingar og robåtar som både er rigga for segl, ror, innanbordsmotor eller har lokalhistorie som gjer båten full av særeigenheit. Dette uten at eigarane nødvendigvis har hatt så høge tankar om «gamlefæringen hass bestefar», resonnerer Tom Henrik Muggerud.  Nettopp desse båtane synest arrangøren at fortener en plass på Trebaatfestivalen sin tiande festival.

Muggerud i Trebaatfestivalen  kjenner til at mange av desse båtane har gått i arv, og håper at fleire ser seg syn med å gjere eit ekstra skippertak for å få desse båtane synlige igjen.

- Spesielt dei som ættar frå området har eit forhold til, eller hugsar godt færingen dei hadde i familien.  Vi har stor tru på at dei mange gonger har hatt lyst å sjøsette færingen, men ikkje har funne høvet til å gjere det før no, i samband med Trebaatfestivalen.  Kanskje er det tida for å vise borna ein ting eller to om gamle dagar også,  oppmodar Tom Henrik.

Lokale båtbyggjarar

Mange av småbåtane har også blitt bygd i nærleiken som i Bjørkedalen, Høydalen og Vestnes, der det budde båtbyggjarar i hopetal tidligare. Det finst også «Nordlandsbåtar» og småjoller og andre robåtar som har tradisjonar frå andre stadar i landet, som er svært ønskjeleg å få synlige på festivalen, ifølgje arrangørane.

- Kanskje dukkar det opp et par prikk like færingar også, bygd av same båtbyggjar og på same år. Artige greier, spør du meg, seier pressesjefen i Trebaatfestivalen

Arrangørane av Trebaatfestivalen opplyser om dei vil legge til rette for at ein enten kan legge til ved bryggene på festivalområdet, eller på land der ein kan sette dei gamle robåtane på rekke og rad godt synlige for publikum.

- Tenk når du kjem inntil Ulsteinvik desse dagane med bil, og det første som møter deg er ei rekke med gamle trebåtar utstilt langs Sjøgata eller på ulike stadar på festivalområdet.  Dette trur eg hadde blitt eit bra skue, seier Tom Henrik med glød i stemma.

Usynleg lokalhistorie

- Ein treng heller ikkje å «shine» båten i det heile tatt. Historia kan like godt være at båten er akkurat likeeins som då den vart sett frå seg, og båten treng heller ikkje å setjast på sjøen for å trutne dersom han berre skal skal stå på land. Vi ynskjer rett og slett å slå eit slag for ein del av lokalhistoria kanskje ikkje er så synleg lenger.

Det er massevis av småbåtar som både har vore i storm og uvær eller kanskje har vore lasta til ripa med småsei, fiska rett utfor stovedøra. Der er mange historier om nettopp desse småbåtane, meiner Tom Henrik som foreslår at båteigarane kan laga plakatar der dei presenterer båten sine spsifikasjonar eller historie

- Kanskje er båten eldegammal , med ein spesiell motor, eller har vore med på ei spesiell eller tragisk hending?

Pressesjefen har også planar om å stille ut sine eigne trebåtar, og snakkar seg varm når han skal fortelje om desse..

- Eg sjølv har to færingar som eg disponerer og som skal stillast ut på festivalen, seier Muggerud som fortel at den eine blei  bygd av onkelen til mor hans i Høydalen i 1974, og har tverr hekk.

-Vi selde den, men eg kjøpte den igjen nokre år etterpå i rein nostalgi. Ein god og stødig båt som tåler både vind og grov sjø.  Denne båten har eg veldig gode minner frå og brukte den mykje då eg vaks opp like ved sjøen, i Sundgotmarka på Dimnøya,  mimrar Tom Henrik.

Lufte båten

Festivalen kan også hjelpe med transport til festivalområdet dersom det skulle halde hardt.

- Har du ein båt som treng å få lufte seg litt, så berre meld den på ved gå inn på  Trebaatfestivalen sine nettsider, opplyser Tom Henrik Muggerud som også har eit mål om å slå besøksrekorden som per i dag er på 90 trebåtar.

- Det hadde vore skikkelig stas, avsluttar ein entusiastisk presseansvarleg, Tom Henrik Muggerud i Trebaatfestivalen.