11. juni er Blipp med gjestar på plass i Sjøborg kulturhus under Smak av Ulstein, med showet Torsdag kveld med Stian Blipp.

– Det blir rein, ufiltrert og hyperkonsentrert godstemning! Det treng vel ikkje å vere meir fancy enn det?, seier moromann, radiopersonlegdom og TV-programleiar Stian Blipp til Vikebladet Vestposten.

Glad i Ulsteinvik

Det blir langt ifrå første gong Blipp vitjar Ulsteinvik.

– Eg har vore så heldig å få besøke Ulsteinvik fleire gonger tidlegare. Første gong var under NM i barista for mange år sidan. Publikummet og stemninga i Ulsteinvik har aldri skuffa meg, seier han.

Bergensaren har eit spesielt forhold til Ulsteinvik, og kanskje mest av alt Skjemtegaukfestivalen.

– Ulsteinvikarane har vore så rause og to gonger skjenka meg prisen for «Årets skjemtegauk», under Skjemtegaukfestivalen. Difor føler eg at folket i Ulsteinvik og eg er gode venar. Det blir alltid gøy når gode venar samlast, seier moromannen.

Skryt av Steen og Breivik

Han lovar at dei som tek turen får sjå rabagasten og sirkusdirektøren Stian Blipp.

– Denne kvelden får eg også god hjelp frå lokalt talent for å piske opp stemninga. Mi oppgåve blir å få alle til å føle seg som superstjerner. Med litt flaks skal vi nok få publikum til å føle seg som det også, seier Blipp.

Han starta med standup for 6–7 år sidan, og sidan har han ikkje sett seg tilbake. Lokale komikarar har hjelpt han fram.

– Fredrik Steen frå Ulsteinvik og André Ulveseter frå Ålesund er mellom dei som har gitt meg scenetid der i regionen. Kanskje den viktigaste har vore Geir Sindre Breivik som har gitt meg ein mikrofon å halde i, ei køyeseng å sove i, og ein hage å grille i.

Blipp er klar på at det er ein ting han gler seg mest til.

– Eg skal stagedive på slutten av showet, uansett om det er 12 eller 200 i salen. Det blir anten ei herleg rockeavslutning, eller ein såkalla «Mira Craig», seier han til slutt og flirer.