Er nynorsk eit godt verktøy til å skrive fagtekstar? Pernille Fiskerstrand er stipendiat ved Nynorsksenteret og vil snakke om forskinga si på nynorsk som fagspråk i årets Ivar Aasen-minneforedrag.

Fiskerstrand studerer fagtekstar i samfunnsfag, skrivne av yrkeselevar med nynorsk som hovudmål. Ho fortel at nynorskelevar møter andre utfordringar enn bokmålselevar, fordi det knapt finst fagkjelder på nynorsk. Nynorskelevane er dermed nøydde til å bruke bokmålskjelder som grunnlag for fagtekstane sine.

‒ Når eg analyserer desse elevtekstane, ser eg at dei skriv konkret og personorientert. Dei veit ikkje heilt korleis ein fagtekst skal vere. Mitt utgangspunkt er at elevar får lite konkret hjelp til å lære kva for ord og omgrep som skaper ein fagtekst, til skilnad frå ei forteljing, seier Fiskerstrand.

Ho valde å arbeide med yrkeselevar fordi tekst ofte ikkje er deira sterkaste side. Medan praktisk kunnskap tidlegare kunne vege opp for det, krev det moderne samfunnet at ein meistrar tekst i mange fleire samanhengar enn før. Ho ser på korleis elevane overfører uttrykk frå kjeldene til sine eigne tekstar, noko som kan vere vanskeleg fordi dei manglar språklege førebilete.

‒ Det blir gjerne sett på som eit hinder, men eg vil hevde at det ikkje treng å vere det. Når ein jobbar med kjelder på eit anna språk, må ein tenkje over språket i tillegg til innhaldet i det ein skriv, og det er vist at ein då kan lære innhaldet betre. Bokmålselevar treng ikkje arbeide språkleg, dei kan berre reprodusere dei same termane dei les i kjeldene, seier ho.

Ho vil også nyansere det kjende rådet om at ein skal unngå passivformer på nynorsk.

‒ Det er noko mange legg vekt på. Men i fagspråk kan passivformer vere eit verktøy som gjer det mogleg å snakke om fenomen, og ikkje om aktørar, hevdar Fiskerstrand.