I det Anders Riise opna luka fløymde vatnet ned renna og under Kvernhuset. Der sette det i gong turbinen, som igjen førte til at kvernsteinen byrja å gå rundt. Mjølet som blei til av kornet dei mala, laga speidarar pinnebrød av, og serverte til dei som ville smake.

Med det opna ordføraren Kvernhuset, det som i si tid truleg var den fyrste industribedrifta på Hareid. Det originale Kvernhuset blei nemleg bygd kring 1850, og det var berre plankar og dei to kvernsteinane som låg att før nokre eldsjeler i Hareid Rotary Klubb tok tak i det.

Johs. J. Hareide var pioneren, og med han kom fleire eldsjeler til. Huset er teikna av den Molde-baserte arkitekten Berge Hjørungnes, og broren Gunnar har vore ansvarleg for sjølve restaureringa. Søndag kunne rundt 200 frammøtte nyte synet av eit flott stykke kulturhistorie i all sin prakt.

Johs. J. Hareide stilte seg opp på ein av dei flotte kampesteinane like ved Kvernhuset, og fortalde om prosessen med å restaurere Kvernhuset, og korleis han gjekk rundt til dei i alt åtte grunneigarane og fekk dei med på ideen.

- Det er i dag åtte grunneigarar som saman eig huset, men det er ei gåve til heile Hareid-samfunnet, fortalde Hareide i sin tale.

Ordføraren opna Kvernhuset

Det var Hareid-ordførar Anders Riise (H) som fekk æra av å stå for den offisielle opninga av Kvernhuset. I sin tale før han sendte vatnet ned under Kvernhuset, rosa han arbeidet til Hareid Rotary Klubb.

- Dei har gjort ein framifrå jobb, i godt samarbeid med Hareid kommune og fleire næringslivsaktørar i kommunen, sa ordføraren.

Les meir om opninga i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.