Kinoiane her i landet kan notere seg for eit besøkstal på 5,1 millionar det første halvåret. Dette er 1,2 prosent fleire enn samme periode i fjor og det nest beste besøket dei siste fem åra. Det er filmane Fifty Shades of Grey, Fast & Furious 7 og Jurassic World som har vore dei store publikumsmagneteane dette halvåret, fortel bransjebladet Film&Kino.

Dette gjeld også for Sjøborg kino.

- Besøket på Sjoborg kino er på samme nivå som i fjor, noko vi er svært godt nøgde med, seier kinosjef Kristine Brungot.

Ho fortel at dei ser ram til ein kinosommar der dei kan by på mellom anna Minions og Mission Impossible : Rogue Nation.