For dei som trudde at biblioteket berre handlar om bøker, bør ein kanskje ta seg ein tur innom Hareid folkebibliotek denne helga. Der vil det bli mykje spanande på programmet både fredag og laurdag.

Til dømes vil det bli arrangert ein eigen barnetime saman med Geirr Lystrup, der det vil bli lagt opp til ei teiknestund i etterkant av samlinga.

– Då vil barna kunne få teikne det dei såg og opplevde, og kanskje til og med få hengt opp kunsten sin, seier bibliotekleiar Anne Vasstrand og legg til at det vert gratis is for dei som tek turen innom biblioteket i løpet av fredagen.

Lokal filmframsyning

Det vert også eit interessant møte med lokale filmar under desse dagane. Dei to filmane «Kunsten av å legge seg paddeflat», som vert vist for første gong i Hareid, og «Historia om Hareidselva» vert begge viste desse dagane.

– Det er veldig viktig og relevant å vise desse filmane sidan dei er lokale, legg Vasstrand vekt på og får støtte av bibliotekarbeidar Robert Botn, som også skal ha sine eigne opplegg

– Eg skal ha ei grøssarstund der eg skal fortelje historia Hanna, som er ein film eg skreiv eit manus til for nokre år sidan, seier Botn.

32-åringen vil også ha boksignering med boka «Nidingøye» som han gav ut i fjor vinter.

For dei som er meir konkurransemenneske kan ein også delta i «tipp og vinn»-konkurransar både fredag og laurdag, der det er flotte premiar å vinne.

Meir synlege

I tillegg til å vere inne på lokalet kjem det til å vere representantar frå folkebiblioteket ute i parken også.

– Vi ønskjer å kome oss litt ut og gjere oss endå meir synlege for folk, slik at vi kan fortelje dei meir om tilbodet som vi har på biblioteket, seier Vasstrand.

Det er også fullt mogleg at det dukkar opp fleire opplegg som ikkje er spikra i programmet enno.

– Vi finn kanskje på noko undervegs, for vi må jo finne på «noke sprell» også, seier Botn, opphavleg frå Tønsberg, med ei utsøkt sunnmørsdialekt.

*

For fullt program på biblioteket, sjå torsdagens papirutgåve av Vikebladet Vestposten.