Fanterapen appellerte til ei stor gruppe unge vaksne. Aldersspekteret spente frå 18 til folk i tidleg 30-åra. I tillegg til den faste, lokale stammen, verka det som om mange fråflytta øybuingar var heime på ferie, og tok turen til ein av dei få plassane i området som er laga for unge vaksne, av unge vaksne. Det hjalp sjølvsagt med trekkplaster som Side Brok og den britiske rapparen eMCee Killa, men i kveld var det ein møteplass for mange.

Politiet tok turen innom rundt midnatt, og verka å ha lite å utsette på arrangementet og sikkerhetsopplegget.

URO med og utan band

Det var litt tynt i rekkene den første stunda under Fanterapen, men det hindra ikkje URO frå å gå på scena og levere. Dei som var der, satte stor pris på det dei fekk servert, sjølv om dei klappa fra sofaen og aldri heilt tok til golvet.

Marte Urke Antonsen, som står bak aliaset URO, har ei fin nerve i stemma, og leverte coverlåter med innlevelse. Ho gjorde både Rihanna og Lorde til sitt eige.

Ho fekk etterkvart hjelp frå eit band, og den lokale rapparen Kornelius Haddal på mikrofonen. Etter tre låter var ho ferdig.

Lokalt hip-hopkollektiv

Det seig på med folk i pausa mellom URO og Kontrollert Kaos. Ein del kom for musikken, nokre kom for fyll, dei fleste kom mest for å ha det kjekt.

Hip-hopkollektivet Kontrollert Kaos stilte med rapparane Andy og BT100, samt Robbadoc på beaten. Dei lokale rapheltane spelar beatorientert, samplebasert hip-hop på klingande sunnmørsdialekt. Med tekstlinjer som "Ej ser samfunnet som et ansikt, der alle blir programmert til å tenke likt", ligg tekstuniverset deira nært dei anarkistiske assosiasjonane namnet på rapkollektivet gir. Frihet og sjølvstende ligg ofte i fokus i tekstane deira.

Til tross for enkelte tekniske problem, holdt dei energien oppe.

– Vi får beatboxe om nødvendig, smalt det frå BT100 frå scena. Og det gjorde dei.

Mot slutten drog dei med seg 20-åringen Mikael Gardshol, som verka å vere litt spent då han tok til scena, men viste seg som ein dreven beatboxar. Saman leverte Mikael Gardshol og Kontrollert Kaos eitt av høgdepunkta for kvelden.

* Rundt midnatt var det nok for Vikebladet Vestpostens utsendte journalist. Då hadde verken eMCee Killa eller Side Brok tatt til scena enda.