Tunkatten Lurivar har laga sju nye utebibliotek til born på Søre Sunnmøre og i Nordfjord til sommarferien. Prosjektet er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og sju kommunar i regionen i Friluftsåret 2015.

– Barneboktua er eit litt annleis bibliotek. Det er berre ope i sommarferien og det er sjølvbetent. Alle som kjem dit kan finne seg ei bok og setje seg ned og lese i naturskjøne omgivnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går, seier formidlar Liv Astrid Skåre Langnes i Aasen-tunet.

Tunkatten Lurivar har i fleire år hatt eit utadørs barnebibliotek på Høgetua, ein liten gåtur opp i skogen frå Aasen-tunet, der Ivar Aasen sjølv leika som gutunge. Tilbodet er svært populært og difor utvidar Aasen-tunet no tilbodet.

På initiativ frå Ivar Aasen-tunet, sa kommunane Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Volda, Hornindal og Stryn, ja til eit samarbeid om å setje ut ei postkasse med nye nynorske barnebøker på eit lett tilgjengeleg turmål i kommunen.

Bøkene finn du i ei fargerik postkasse som er godt merka med både potemerket til Lurivar og eige skilt. – Biblioteket har eit godt utval i nynorske barnebøker og kan vere ein fin måte for dei vaksne å orientere seg om kva som er nytt i den nynorske barnebokverda, seier Langnes. Borna finn heilt sikkert ei bok dei synest er spennande i utvalet til Lurivar, som har tenkt spesielt på born frå fem til ti år. Bøkene er ei gåve frå Ivar Aasen-tunet og forlaga Skald, Cappelen, Mangschou og Det norske Samlaget.

Her finn du utebiblioteka:

Herøy: Barneboktua, på Herøy gard, turvegen

Ulstein: Barnebokberget, i Trollskogen ved Osberget

Hareid: Barneboktua, ved Rotarystien

Volda: Barnebokskogen,  i Lærarskuleskogen.

Sande: Barneboktua,  Storehornet/ Sandviktua, parkering på Drageskaret

Hornindal: Barneboktua, gapahuken ved Hornindal skule

Stryn: Barnebokplassen, Leikeplassen på Visnes

I Ulstein er bibliotekkassa plassert på Osberget Foto: Ivar Aasen-tunet