Det er ikkje fast fisk alt som rører seg i sjøen, eller berre kverna som mel på havsens botn. Slike som Kraken, Draugen, Havbokkjen, Marmælen, Margygra og fleire til. Ispunne vitnesbyrd om truverdige sjøfolk sine møte med desse underlege og mektige skapningane, får publikum og lære litt av kvart om gamle merke på godt og ringt fiske, og om magi som fremjar lukke eller kan føre til ulukke til havs.

Kulturavdelinga i Herøy inviterer til forteljeframsyning i sjøbuda på Herøy Kystmuseum fredag 10. juli.

- Saman med Herøy Kystmuseum ynskjer vi å leggje til rette for meir aktivitet på og omkring kystmuseet i sommar. Både små og store er velkomne til å oppleve Guri Aasen si forestilling om dei underlege, trolske og fryktingytande skapningane i det ville havgapet på Sunnmørskysten, fortel kulturleiar Eileen Gjerde.

Blodpølse er stormmat

Visste du til dømes at blodpølse er stormmat? Greit å vite i tilfelle det skulle havne ei slik i nistedåsen neste gong du skal ut i båt! Segntradisjonane og folketrua om dei løyndomsfulle kreftene tilknytta det blå djupet har vore levande blant kystfolket heilt opp til vår nære fortid. For å rå med naturkreftene har det å kunne lese merka i naturen, veret, vinden og sjøen til alle tider vore livsviktig kunnskap i kystfolket sin kamp for tilveret.

- Ein kunnskap vi moderne menneske òg kanskje har noko å lære av? Kraftfulle historier er det i alle fall, så velkomen til ein time med garantert sjøgong. Sjøbuda er ei særleg god scene for denne framsyninga, då den utfyller Guri Aasen sin fantastiske forteljarkunst både med lyd og lukt frå havet, samt sitt maritime miljø, seier Gjerde.

Museumskafeen er open både før og etter framsyninga.

Guri Aasen er utdanna førskulelærar med mellomfag i Teater for barn og halvårseiningar i Barnelitteratur med drama samt Munnleg forteljing ved Høgskulen i Oslo. Ho har ei brei arbeidserfaring frå skuleverket, og m.a. som kulturkonsulent i St. Hanshaugen bydel i Oslo og dagleg leiar i Herøyspelet. I dag arbeider ho som frilans kulturaktør/forteljar. Som forteljar har ho sett opp ei rekkje framsyningar, åleine og saman med andre forteljarar, skodespelar og musikar. Framsyningane spenner frå folkeeventyr til segner og mytologi, og har vore retta mot tilhøyrarar/ grupper i “ alle aldrar”, frå barnehage til næringsliv.

Arrangementet er ein del av satsinga «Sommar på Herøy Gard», der det vert mykje å oppleve denne sommaren.  I tillegg til forteljarframsyning ved Guri Aasen, vert det opning av barneboktua med lesestund, ordløype, strikkekafé, installasjon, handarbeidsmesse, utlån av robåtar, leik og moro ved huset m.m. I museumskafeen kan ein i opningstida få enkel servering i tillegg til omvising på museet. På øya er det også teltplass med drikkevatn. Velkomen til ein kjekk sommar på Herøy gard.