Onsdag gjekk startskotet for The Tall Ships Races Ålesund 2015, med 57 seglskuter frå heile verda på plass i jugendbyen. Ei av desse skutene er ingen ringare enn det tidlegare skuleskipet «Sørlandet», verdas eldste operative fullriggar. 17 år gamle Malin Bø Nevstad har vore med på den tøffe seglasen frå Nord-Irland sin hovudstad Belfast til Ålesund.

– Det har vore heilt fantastisk. Ei oppleving for livet, seier Malin til Vikebladet Vestposten.

– Som ein draum

Når lokalavisa fekk tak i den travle Hareids-jenta onsdag formiddag var ho i sluttfasen av å vaske båten, før ho mønstra av. Ho skulle vidare til standen til arrangøren bak festivalen i Ålesund, der ho skulle jobbe ein times tid. Det var godt å setje beina på landjorda igjen meinte Malin, men fortel at reisa frå Belfast var svært spanande.

– Det var som ein draum. Ein føler seg nesten ikkje verdig. Eg har vore oppe i riggen på turen, og eg har styrt skuta sjølv. Det har vore ei utruleg tid om bord.

Les også: - Ta med deg ditt beste smil

Ho fortel at ho har lært mykje nyttig om bord i skuleskipet. Ho har som sagt klatra i riggen, styrt skuta, lært seg å skure dekket og laga mat til resten av mannskapet. Som medseglar har ho vore nøydd til å lære seg alt frå botnen av.

– Eg hadde lite erfaring frå før, men dei forventa ikkje at eg hadde det heller. Dei byrja å lære opp meg og dei andre medseglarane med ein gong, og forventa nok litt meir av oss etter kvart.

Dei fleste av medseglarane var på hennar eigen alder, frå land som Irland, England, Skottland og Hellas. Dei fleste i det faste mannskapet kom frå Danmark fortel Malin.

Utfordrande seglas

Det vart ein utfordrande seglas for båtane som konkurrerte om å komme først til Ålesund frå Belfast. På vegen opplevde dei mellom anna vindar på 48 knop (full storm).

– Det var ein utfordrande seglas, både med tanke på konkurransen og vêret. Vi var faktisk i leiinga på eit tidspunkt, men enda til slutt bak vinnaren. Vinnaren av seglasen var den polske skuta «Fryderyk Chopin», fortel Malin.

The Tall Ships Races blir i Ålesund til og med laurdag.