Den fiktive trebarnsmora Hildegunn Moltubakk (Fredrik Steen) og svogeren Leif-Per (Ørjan Liavåg) frå Ulsteinvik tok Norge med storm då dei turnerte landet med sitt show mellom 1998 og 2001. På 450 forestillingar selte duoen heile 130.000 billettar. Fredrik Steen og Ørjan Liavåg har fleire gonger i ettertid dukka opp igjen, både i TV-ruta og på scena. Dei er mellom anna aktuelle som eit av innslaga under Trebaatfestivalen 2015, med showet "Hildegunn testar terrenget".

Nyleg publiserte regissøren bak videoen Torgrim Grimstad, på spørsmål frå Vikebladet Vestposten, det 20 minutt lange Hildegunn og Leif-Per-innslaget "Bill.merk" på Youtube. I vindauget over artikkelen får du bli med på ei tidsreise tilbake til Ulsteinvik slik det såg ut i 1999, og ein møter på fleire fantastiske karakterar som viklar seg opp i diverse situasjonar.

Slik vel filmskaparen sjølv å beskrive klippet:

- Denne «piloten» er laga i 1999 for eigen kostnad heime på Hareid og i Ulsteinvik. Oss skrapa saman noko utstyr og jaga foreldra mine av barndomsheimen på Grimstad, og vips var oss i gang. Det var NRK Underholdning som hadde bede oss om å få sett saman ei prøveepisode, så Fredrik og Ørjan bad meg om å fikse det. Eg filma og så delte vi på regien. Klippa gjorde eg heime på den tids redigeringsutstyr utan at eg hugsa på kva. Den tekniske kvaliteten er der etter, men sjølv om det ser rottent ut, så har den sine augneblink. Og så er det litt morosamt å sjå heimbygda i «gamle dagar», fortel Grimstad.

Innspelingsstadar: Terminalkiosken i Ulsteinvik sentrum, huset til Svein Kleppe på Hareid, huset til Ola Leiv Grimstad på Hareid, Overåsanden og Vikebladet Vestposten.

Medverkande:

Fredrik Steen, Ørjan Liavåg, Ståle Arne Røyset, Solfrid Maria Kleppe, Magritt Jarlsdotter Grimstad, Trond Scotty Skotheim, Johs Christian Riise, Turid Frøystad Leknesund, Vegard Bendik Holstad.

Torgrim Grimstad - Fakta:

Regissør i NRK, fødd og oppvaksen på Grimstad, Hareid. Bur i Oslo og er gift med Marit Evertsen Grimstad, programleiar i "FBI", NRK. Saman har dei tre born. Han er tidlegare marknadssjef i NRK Super og har i det siste mellom anna laga «Til Dovre Faller» som et sett av 2,5 millionar på eitt år.

Leif-Per, taxisjåfør og ungkar. Foto: Skjermdump.