- Den fantastiske naturen og menneska eg ser når eg er «heime» på Sunnmøre inspirerer meg, seier Marit Johanne Gudbrandsen.

Komande torsdag opnar ho salsutstilling på Vikholmen i Ulsteinvik, der ho stiller ut rundt 35 bilete. Bileta er fotografi tekne av Marit, med hennar sin eigen poesi på.

- Både natur og menneskenatur fascinerer meg. Bileta og tekstane mine uttrykkjer både variasjonar og skiftingar i naturen og menneskenaturen.

Spanande effekt

Gudbrandsen viser fram eitt av bileta ho har fått trykt på aluminium, og viser kor spesielt skinet på det varierer, alt etter kva for vinkel ein ser det frå.

– Aluminium og akryl er veldig spesielt, og difor er bileta mine trykt opp på desse materiala. Effekten med skiftande lys er veldig spesiell, og reflekterer på mange måtar slik det faktisk er i naturen.

Ho fortel at alle bileta ho stiller ut er til sals.

– Ja, bileta mine er til sals, og eg kan trykkje opp i alt 30 eksemplar av kvart bilete. Eg ønskjer alle som vil velkomne.

Poesi: «Gjenskinnet nynnet en vise om sjelens speil», står det på dette biletet. Kunstnaren kombinerer foto og poesi.