I eit brev frå ordførar Jan Berset til Ulstein Kunstlag går det fram at Ulstein kommune og kunstlaget skal gå i møte etter sommaren for å diskutere om det er mogeleg å dekkje kunstlaget sine behov for lokalitetar som ein del av Arena Ulstein-prosjektet.

Ordføraren vil kalle inn til eit slikt møte ein gong i august, og han skriv at ein i fellesskap må prøve å finne ei løysing for kunstlaget i "dette nye og flotte prosjektet".

- Etter mi oppfatning hadde det vore særs ynskjeleg om det hadde vore mogeleg å kombinere biblioteksfunksjonar med Kunstlaget sine behov. I dette prosjektet burde det også vere veggplass nok til at Kunstlaget kunne få dekt sitt utstillingsbehov, skriv Berset.

Ordføraren legg til at det hadde vore fantastisk om prosjektet kunne ha stått fram som eit "levande kunstgalleri".

Les også: Klare til å starte bygginga