- Det er ein revy, med masse forskjellige sketsjar. Alt i frå Ole Brumm til Helpdesk blir henta fram frå hatten. Vi har både sjølvskrive materiale, og nokre få klassikarar frå gamle dagar. Det meste er likevel sjølvskrive, og det var også hensikta, fortel larsnesingen Oskar Fjørtoft Sandanger.

Han har det siste skuleåret vore elev ved Ringerike Folkehøgskole, der han har fordjupa seg innan standup og nettopp revy. No har han som initiativtakar til Sommarshowet på Larsnes alliert seg med to andre lokale fjes, Eilen Kvamme frå Kvamsøya og Herman Brune Leikanger, også han larsnesing. Også med på laget er to kompisar og medelevar av Oskar frå folkehøgskulen, Leiv Thomas Faulkner og John Gunnar Edvinsen.

- Det er ikkje tilfeldig kven eg har spurt. Vi er fem personar som alle likar å drive med skodespel og utfalde oss kreativt. Vi har aldri jobba i lag som eit lag før, men, vi føler at vi ligg godt an til å levere eit knallbra show, seier Oskar kontant.

Bra billettsal

Oskar har tidlegare jobba med både Herman og Eilen på Kong Arthur-spelet, dei to andre har han hatt mykje å gjere med på folkeshøgskulen. Den siste veka har gått med til øving og terping på materialet.

- Vi har blitt ein fin og samstemt gjeng, og vi får vise fram materialet vårt for publikum. Det blir ikkje betre enn det, seier han.

Siste veka har det blitt selt bra med billettar på førehandssal, men Oskar trur det også kjem godt med folk i døra.

- Folk pratar om det, så eg vil tru det kjem ein del skodelystne til Gamlebanken. Mange likar det dei har fått høyre om konseptet, og det verkar som at folk syns det vi driv med er spanande.

Første showet blir fredag ettermiddag. Det blir også to show laurdag ettermiddag.

Her finn du gruppa som er oppretta for hendinga på Facebook.