Kraftselskapet Tussa har 100.000 kroner  som dei deler ut til dei som ønskjer å gjere noko bra for andre. Gjennom Krafttaket 2015 oppmodar dei lag og organisasjonar, skuleklasser, musikklag, korps, kor og så bortetter om å gjere  noko bra for andre. Tussa vel ut 10 av dei beste bidraga som går vidare til avstemming på Facebook.

Alle frivillige lag og organisasjonar, skuleklasser og korps- og musikklag i Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Vanylven, Hornindal, Ulstein og Hareid kan sende inn søknad om å delta.

Søknadsfristen er 31. august.

Den gode gjerninga - det enkle er ofte det beste

- Det er mykje flott dugnadsarbeid som vert gjort i bygdene rundt oss, seier Lise Antonsen Ulstein, sals- og marknadssjef i Tussa.

Ho fortel at dei gjennom Krafttaket ikkje er ute etter dei største og mest langvarige prosjekta som krev dagar og månadar med dugnadsarbeid. - Lista for å sende inn bidrag skal vere låg. Denne kampanjen er meint for å skape små gleder i kvardagen for andre. Ein ettermiddag eller kveld dei kan leve på lenge! Aller best er det om den gode gjerninga er noko barn og ungdomar kan vere med på å arrangere eller gjennomføre. Ein konsert, ei danseoppvisning, aktivitetsdag, innsamling, rydding av strand eller tursti, mulegheitene er mange. Det er berre fantasien som set grenser, oppmodar Antonsen Ulstein.

Avstemming på Facebook

Den gode gjerninga må gjennomførast og dokumenterast i innan 30. september 2015. I perioden 11. – 30. september er det også avstemming på Facebook som avgjer kor mykje pengar kvart bidrag får tildelt.

Her er nokre dømer på det som blei gjort i fjor:

Ulstein Ungdomsskule – Klasse 9E laga eit variert underhaldnings-show og serverte kaker til barnehagane rundt skulen. Dei hamna på 6. plass i avstemminga på Facebook og fekk tildelt 6008 kroner som dei brukte på skuletur til Bergen.

Ulstein Taekwondo klubb fekk alle medlemmane til å utføre flest mogeleg gode gjerningar i løpet av ei veke. Dei til saman 60 medlemmane utførte 1716 gode gjerningar til glede for familie, vener, naboar m. fl. Dei hamna på 1. plass i avstemminga på Facebook og fekk tildelt 24.171 kroner. Dei brukte premien på eit seminar for medlemmane med regjerande verdsmester i Taekwondo som instruktør.

- Dette var berre to av dei gode gjerningane som var med i Krafttaket 2014. Felles for alle bidraga var at dei hadde enkle, men gode gjerningar som blei gjennomførte for å glede andre., seier Lisa Antonsen Ulstein som syner til Krafttaket sine eigne nettsider der ein kan melde på dei gode gjerningane sine.