Sist fredag inviterte Pilskog Overå Velforening i Hjørungavåg heile bygda inn til årets store sommarfest på leikeplassen. Festen vart ein suksess, også i år, eit år etter den store opningsfesten.

Oppgradering

I juni i fjor vart denne leikeplassen omtalt som «Regionens flottaste leikeplass» av Vikebladet Vestposten sin utsendte, noko både styret og bygdefolket er stolte av. Leikeplassen har fått seg eit stort løft dei to siste åra, og utallege dugnadstimar er lagt ned. I tillegg til fleire nye leikeapparat, har området også vorte utvida med ei sandvolleyballbane.

Gratis servering

Dei nærare 250 gjestane som hadde tatt vegen til leikeplassen denne ettermiddagen fekk ete seg mette, i tillegg til å kose seg i sola og nyte den herlige temperaturen på nærare 25 grader. Arrangørane var maksimalt heldige med veret denne kvelden, det var nok ein av årsakene til at så mange tok turen.

Styret «slo på stortromma» og hadde kjøpt inn store mengder grillmat, i tillegg til at Melshorn Hotel leverte nydelege vårrullar og «fingermat» til festen. Det vart også servert kaker, kaffi, is og brus, og all servering var gratis.

– Det var «Frifond» som sponsa oss med mesteparten av maten, i tillegg sponsa Bunnpris Hareid oss med pinneis og kaker og Rema 1000 Ulsteinvik sponsa oss med kjeks. Vår gode samarbeidspartnar «Frifond» har også tidlegare bidrege mykje, både når det gjeld finansiering av nye leikeapparat og festmat. Det store festbordet bugna av pølser, salatar, hamburgerar, kotelettar og nærare 20 kaker! Dette er 3. gongen på eitt år at Pilskog Overå Velforening har invitert bygdefolket på fest, der serveringa har vore gratis, noko alle set stor pris på, seier leiar i velforeininga, Ragnhild Nedrelid.

Pengegåve og lotteri

Ei av dei største overraskingane denne kvelden kom «flyboren» heilt frå Hønefoss. Hjørungavågaren Frode Overå, som er ein av gründerane bak firmaet «Sparmax», som også har avdeling i Ulsteinvik, overrekte av heile 10 000,- til velforeninga. Dette til stor glede både internt i styret og mellom bygdefolket.

– Tusen takk for den flotte gåva! Pengane kjem svært godt med, då styret har planar om å fylle på sandvolleyballbana med ny sand, fortel Ragnhild Nedrelid.

Sanden som er på bana i dag har ikkje den kvaliteten som er ynskjeleg, og sidan sanden kjem heilt frå Danmark, vert den kostbar. Styret fekk på nissefesten i desember overrekt ein sjekk frå Gjensidigestiftelsen på 50 000,- til same føremålet, men manglar endå litt til sluttfinansiering.

For å få inn meir inntekter denne kvelden, vart det også arrangert lotteri, noko som vart stor suksess. Pengane som kom inn går direkte til sandvolleyballbana, og dei flotte premiane var sponsa av lokale forretningar i Hareid og Ulstein.

Dugnadsmotivasjon

For å auke motivasjonen til dugnadsdeltaking har det i år vorte delt ut lodd på kvar dugnad, der premiane var gåvekort frå Quality Hotel Ulstein og Melshorn Hotel. Tusen takk til Dykk begge for bidraget. Det store «dugnadslotteriet» skulle også trekkast denne kvelden, og spenninga var stor då ein trekte ut dei to heldige vinnarane, fortel Nedrelid som ynskjer å takke både sponsorane og alle som har stilt opp på dugnad dette året.

– Det har vorte lagt ned mykje arbeid også i år, både med rydding av søppel til 17. mai og forefallande arbeid på leikeplassen, opplyser velforeningsleiaren.

Ho fortel at  dei for eit par veker sidan fekk montert opp utelys som vert drive ved hjelp av sollys.

– No kan borna i bygda leike på leikeplassen også på vinterstid på ettermiddag og kveld, i tillegg til at alle får det trivlegare på ulike arrangement, seier ho.

– I tillegg har vi også i år fått sponsa sand frå Spenncon og grus frå Nord-berg. Total-Bygg Hjørungavåg har igjen sponsa oss med material,  og på ei lita kveldsykt klarte Jan Over Breivik og Roar Torvik å snekre både nye benkar og eit bord, noko som kom godt med på festen. Tusen takk til desse verksemdene og dei to dyktige arbeidsjerna i bygda vår.

Vi håper og trur at bygdefolket også framover vil vere med å bidra til fellesskapet, og vi tek imot hjelp frå både store og små.

Suksess

Born, vaksne, besteforeldre og oldeforeldre storkosa seg denne kvelden, og styret fekk mange flotte tilbakemelding på arrangementet.

– På festen kunne ein finne gjestar i alle aldrar, svært kjekt at bygdefolket kan treffast og kose seg ilag, seier Ragnhild Nedrelid som seier seg særs nøgd med både oppmøtet og den gode stemninga.

– Det ligg svært mykje arbeid bak ein slik fest, både med planlegging, organisering og gjennomføring, og då er det ekstra kjekt at bygdefolket set pris på tiltaket. Styret vil takke alle kakebakarane, kaffikokarane og sponsorane våre, i tillegg til dei kjekke serveringsjentene Matilde Myrvold og Ada Alme. Tusen takk til «Tare» frå Sparebanken Møre som kom på vitjing og til Ole-Markus Pilskog som stod ansvarleg for leikar til borna, seier Ragnhild Nedrelid som karakteriserer årets sommarfest som nok ein folkefest og storsuksess.