Neste sundag (6. september) opnar Studio Hugo Opdal ny utstilling med kunstnaren Puhwagner.

Terje Brofos, betre kjent som Puhwagner, er ein norsk målar inspirert av popkunst. Han er ein norsk kunstnar med internasjonal suksess og blir rekna som ein av Noregs viktigaste samtidskunstnarar.

Galleriet varslar at kunstnaren kjem sjølv for å vere med på opninga.

Pushwagner har teikna ein eigen plakat til det glade Flø-galleriet. Den blir trykt opp i eit avgrensa opplag og vil vere til sals under opninga.