– I år ser vi spesielt fram til nykomaren Brandal Amatørteater sitt såpestykke «Lux 6 Lano», og familieshowet med Kaptein Ishav, seier Annika Brandal i Brandal Vel.

Premieren på «Lux & Lano» blir fredag kveld, men blir spelt med to framsyningar laurdag. Berre til framsyninga laurdag kveld er der ledige billettar.Fredag kveld blir det blant anna trehjulsykkelløp og kassebilløp i sentrum.

Kaptein Ishav er ein gammal mann, han er heile 136 år, og har vore ishavsskipper på dei fleste brandalsskutene. Han har opplevd mykje i livet, og er svært stolt over heimbygda si. Kaptein Ishav fortel historier frå 1898 og utover 1900-talet, om båtar utan motor, om isbjørnar i band og moskusar i Brandals-fjella. Han fortel om forlis, om samhald i isen og om familiane heime.

I år, som for to år sidan har Brandalsdagane fått Wilhelm Støylen til å gestalte Kaptein Ishav.

– Det er vi svært glade for. Støylen kjenner godt til både ideen og manuset, og han løyste rolla på ein framifrå måte, kommenterer Annika Brandal, som har skrive manuset saman med Sven-Aslak Veiseth og Webjørn Landmark.

Framsyninga med Kaptein Ishav blir i vernebygget til Aarvak, og er gratis, og høver for både barn og vaksne.

Brandalsdagane har blitt ein årleg tradisjon som mange ser fram til, både bygdefolk og dei vil vitje Brandal. Fleire av programpostane går att frå år til år.

Laurdagen startar med fellesbading frå kaia i sentrum. Ishavsmuseet er ope, og det blir høve til å kjøpe kaffi og kaker på Pakkhuset. Midt på dag blir det «blålys-besøk» i sentrum, med både ambulanse og brannbil.Tradisjonen tru blir det laurdag også fotballkamp mellom Indre og Ytre-Brandal. Verd å merke seg er at spelande kommentator blir Ole Rolfsrud, brandøling og kjend frå fjernsyn.Kvelden kan avrundast med tapas- og bacalaokveld på Ishavsmuseet med musikk av trubadur Ronald Øvrelid.

Søndag startar også med fellesbading for dei som vil i sentrum. Både fiskekonkurranse og skattejakt står på programmet.Brandalsdagane er i samarbeid med Ishavsmuseet Aarvak og Sparebanken Møre.