Fredag byrja Brandalsdagane med både kassebilløp og premiere på såpestykket "Lux og Lano". Såpestykke er ifølgje vår meldar så godt at det trillar ein seksar på terningen.

Laurdag heldt dagane fram, mellom anna med blålysbesøk i sentrum, der naudetatane fekk vise seg fram for bygdefolket, og kanskje klarte ein å rekruttere ein framtidig brannmann eller to.

Eit av høgdepunkta laurdag var nok likevel den svært prestisjetunge kampen mellom Ytredalen og Indredalen, på grusbana utanfor gamle Brandal skule. Bana var i flott stand før kampstart etter solid innsats frå Ytredalen sin målmann i den første omgangen, Odd-Magne Brandal.

Ole Rolfsrud, kjend frå NRK Sporten, sprang rundt på grusbana som kommentator, men la klokeleg frå seg mikrofonen i dei periodene han spelte for Ytredalen.

Det var dei gulkledde frå Indredalen som tok leiinga i Brandal, men Ytredalen svara to gongar og snudde raskt til 2-1. Kampen gjekk over to gonger 30 minutt, og ved pause hadde begge laga fått med seg to scoringar kvar.

Som Rolfsrud kommenterte, så var kampen prega av svært mange innkast, men til ein kamp med så mykje prestisje å vere fekk publikum sjå ein overraskande mangel på stygt spel og frispark. I løpet av dei første 30 minutta bles ikkje dommar Leiv Arne Grimstad ein einaste gong for ulovlegheiter.

- Det var berre ein gong eg var freista til å blåse, og det var på deg, sa dommaren til spelande kommentator Ole Rolfsrud. Etter pause blei det eitt frispark, og då går kanskje kampen mellom Indre og Ytre inn i historiebøkene som den snillaste bygdekampen nokonsinne?

Utover i den andre omgangen vart det klart at kampen ville halde fram utan klart overtak til eitt av laga og med sitillinga 3-3 då ein gjekk inn i dei siste ti minutta auka sjansen for at avgjersla måtte kome på "sudden death", eller brå død som dommaren ville kalle det.

Det ville ikkje Odd-Magne Brandal ha noko av. Etter å ha gjort ein bra jobb i mål i første omgang, la han frå seg keeperhanskane etter pause og gjorde heller ein innsats som utespelar. Med eit soloraid Brandal truleg ikkje har sett maken til sidan sist duell mellom Indre og Ytre fekk Odd-Magne Brandal sendt avgarde ei avslutning mot mål. Der venta målsnik Victoria Røren, som var sist på ballen og dermed sikra ein knapp 4-3 siger for Ytrebygda, som no står med fire sigrar på rad.

Brandalsdagane held fram med to framsyningar av Lux og Lano laurdag, medan det blir både fiskekonkurranse og Kaptein Ishav i Brandal på sundag.