- Gatekunst og bygde-Noreg høyrer saman, meiner dugnadsgjengen i Fantehuset. Den 11. september landar Jamie Paul Scanlon atter ein gong i Noreg for å male fleire veggar og flater på Hareid, i Stavanger og på Utsira.

Med seg på laget har han med seg 16 år gamle Fawn, ho er ny i faget og har lært kunsten av Jamie.

Dei to lovar å friske opp minst like mykje som sist gong og håper på god respons frå bygdefolket.

Ordrelista for oppholdet deira har framleis plass til litt fleire om nokon har ein flott vegg til disposisjon, då er det berre å kontakte Fantehuset. Dei blir på Hareid i ei veke før dei reiser vidare til Stavanger og Utsira.