Det var venta at den norske katastrofefilmen "Bølgen" ville lokke mange til kinoen. No melder kinoane i Noreg om skyhøge besøkstal, skriv filmweb.no. I heile Noreg var det 133 331 besøkjande til denne filmen i helga.

Med det tek filmen fjerdeplassen på lista over dei norske filmane som har opna best på kino. Førsteplassen er det "Kon-Tiki" som har med 165 222 besøkjande.

Sjøborg kino melder om at dei hadde over tusen besøkjande denne første helga. Hadde kinosalen vore større ville publikumstalet truleg vore høgare. "Bølgen" vil gå kvar dag på kino denne veka, bortsett frå torsdag.