Wilhelm Støylen er akkurat litt for ung til å kunne moonwalk, seier han.

No må han likevel lære seg korleis det skal gjerast, fordi Hjørungavåg Brass skal spele Michael Jacksons Beat It på konserten i oktober der han skal vere programleiar saman med Ørjan Liavåg.  Og korpset ventar at han då må kunne vise publikum korleis moonwalk skal utførast. Aller helst vil han lære det på direkten under konserten, så her treng han ein eller helst fleire som kan trå til.

Mange veit sikkert korleis det blir når nokon går baklengs og eigentleg ser ut til å gå framover. Michael Jackson hugsar vi spesielt mens han song Beat It og tok desse underlege stega som blir kalla Moonwalk. No blir det Trygve Sætre som skal synge saman med korpset.

Hjørungavåg Brass er i gang med øvingar fram til den første helga i Hareidsstemna då korpset har full konsert med kjende låtar frå 80-talet. Sist helg var det full øving på repertoaret som brassen no berre skal finpusse saman med solistar.

– Sjølv om eg var berre ein gutunge på den tid, så er dette melodiar som sit klistra i meg, og eg vil tru i dei aller fleste som er glade i god musikk, seier Wilhelm. Han nemner melodiar av Abba, Status Quo, Queen, Åge Aleksandersen, Celine Dion, Marius Müller og ikkje minst The Monroes der han vil ha alle til å vere med i avslutninga med Cheerio.

– Berre sei frå til meg eller andre i brassen om du kan tenke deg å moonwalke på scena saman med oss, seier brass-leiar Jenny Korsnes.  Vi er der for å ha det kjekt og prøve å gi publikum ei god oppleving slik vi alltid har som mål.