Gjerdsvikarane trommar igjen saman til storstilte Maritime Dagar. I år noko seinare enn vanleg, og med svært omfattande program.

Årets Maritime Dagar er laurdag 5. september og sundag 6. september. I år som tidlegare år er arrangementet i og ved Adolfbuda i Gjerdsvika.

– Du kan godt seie vi er tilbake til røtene, både i storleik og innhald. I tillegg har vi år nokre interessante nye innslag for gjestene våre, seier messegeneral Paul Endre Sætre, som er styreleiar i Adolfbuda.

Dagane er flytta frå august til starten av september for å unngå litt av arrangementskollisjonane ein vanlegvis opplever her i distriktet rett etter sommarferien.

– Og så satsar vi naturlegvis på opplett og fint ver. Skulle ikkje det inntreffe, har vi store areal som er under tak, seier Sætre.

Kommunevaldebatt

I år er ein «politisk veljarsamtale» eitt av trekkplastera. Kandidatar frå gruppene til kommunevalet stiller til samtale med Johan Moltu i rolla som moderator. Det skjer laurdag ettermiddag.

Maritime Dagar kan freiste med eit stort utval utstillarar og programpostar. Den tradisjonelle marknadsgata i og ved nausta ligg klar for publikum heile laurdag og søndag. Det vert sjølvsagt kafé begge dagar. Kjøkenet kan freiste med grilla kvalkjøt, fiskekaker i pitabrød, bacalao, vårrullar, kaffi/kaker og ein eigen skaldyrkafé.

Laurdagskvelden er det også dans, der André Leikanger skal få fart på dansebeina. Dagen etter finn vi fleire musikalske innslag på programmet. Herøy Janitsjar, Gursken Brass og Paul Sandanger skal alle kaste glans over tilstellinga.

Loppene er tilbake

– Loppemarknaden er tilbake i år. Her er det mange som kan gjere seg eit kupp. Dessutan har vi mykje spennande også får borna, mellom anna luftgeværskyting og ein ny Eliasbåt som det er høve til å prøve, seier gjengen bak årets Maritime Dagar.

Dei har store areal å boltre seg i. Adolfbuda er sjølve storstova. I tillegg vert det sett opp eit telt som vert omgjort til danselokale laurdag kveld. Så har 12 nausteigarar velvillig stilt nausta sine til disposisjon for utstillarar og lopper.

– Oppgåvefordelinga er også klar. Idrettslaget står for dansen, småbåtlaget for loppemarknaden og Adolfbuda resten. Parkering skjer oppe ved fylkesvegen. Dei som ønskjer det, kan få transport med minibuss til og frå småbåthamna. Så gjenstår det å ynskje alle hjarteleg velkomne, seier eldsjelene som står bak årets Maritime Dagar i Gjerdsvika.