Stiftinga UNI har løyvd 246.926 kroner til stiftinga MS Hindholmen. Pengane vil Hindholmen nytte til vedlikehaldsarbeid og nytt passasjersertifikat.

Den gamle fiskebåten vart bygd ved Christiansand mekaniske verksted i 1916 og har vore nytta til dei fleste fiskeria langs norskekysten og til fiske ved Island, Færøyane, Shetland, Hebridene og Grønland. Venneforeininga Hindholmen Venner, tok over båten i 1979, etter at Hindholmen gjekk ut av drift året før.

Stiftinga MS Hindholmen vart skipa i 1994, og fartyet står på Riksantikvaren sine lister.

Neste år fyller MS Hindholmen 100 år. Formidling av fiskerihistorie er ein viktig det av drifta av Hindholmen og det er planlagt at Hindholmen skal ta del på ei rekkje ulike arrangement rundt om i fylket. Krava til passasjerbåtdrift er strenge og båten treng generelt vedlikehald for å få passasjerbåtsertifikatet på plass.

Stiftinga UNI er ei allmennyttig stifting som gir økonomisk støtte til tiltak som vernar menneske og fortidsminne.