André Fredriksson (50), opphaveleg frå Hareid, men no busett i Sykkylven, er ein av dei 14 deltakere som er med på årets utgåve av reality-serien Farmen.

I følgje TV2 er Fredriksson svært motivert for å vinne og har lagt opp både strategi og taktikk på førehand.

- Eg har bestemt for for å ikkje stole på ein kjeft. Eg er her berre for å vinne, og då kan du ikkje stole på andre, seier André Fredriksson som ikkje tek fem øre for å dolke nokon av dei andre deltakarane i ryggen om det trengs.

LES OGSÅ: Eg er den sprøaste deltakaren

Han innser at den bastante veremåten hans kan verte ei utfordring.

- Eg har ein spesiell måte å snakke på, og kan verke kjeftete og truande. Men kjem eg meg gjennom dei to første vekene slik at dei andre lærer meg å kjenne og ser kva slags ressursperson eg kan vere, då trur eg at det skal gå bra, seier han.

Mellom deltakarane finn vi også Morten Husdal Aamaas (40) frå Rovde. I motsetnad til Fredriksson er taktikken hans er å vere snill og grei.

Deltakarane har ein svært variert bakgrunn. André Fredriksson titulerer seg som torgseljar, Aamas er lastebilsjåfør og mellom dei andre deltakarane er det både ein dyretolk, ein aksjemeklar og ein sosionom.

Farmen har premiere 21. september.