Barne-tv-serien om seks år gamle Marit og dyra hennar på opplevingsgarden Hakallegarden i Vanylven er nominert til pris på den nordiske festivalen Nordic Kids Media Festival.

– Det er veldig kjekt at ein dokumentar som er ein liten sjanger i barnefjernsyn, når opp i konkurransar, seier prosjektleiar Kjellrun Lavik til NRK, som synest det er stor stas å vera nominert.

LES OGSÅ: Premiereklart for "Marit og dyra"

Serien på åtte program følgjer kvardagen til Marit, livet på garden og ikkje minst samspelet og vennskapet mellom Marit og dyra. Eit vennskap som skaper sterke band og mykje glede – men også stor sorg når dyra går bort.

Prosjektleiaren seier at målet er å visa ungar over heile landet samanhengen mellom livet på ein gard og maten i kjøleskapet.

Serien er ein av fem nominerte i kategorien «Kids in Charge!». I tillegg til barne-tv-serien frå Vanylven, er Noreg representert med eit program frå NRK Super, MK-X. Dei tre andre nominerte er eit program frå Danmark og to frå Sverige.

Vinnaren blir kåra i Malmö 10. september.