Festspelforfattaren er valgt ut

Festspelforfattaren 2011, Bjørn Sortland. Foto: Aschehoug

Bjørn Sortland frå Bømlo i Sunnhordland blir festspelforfattar under Dei nynorske festspela 2011.

Vikebladet Vestposten
Publisert: 05.08.2010 kl. 19:30
Endret: 06.08.2010 kl. 10:00

Sortland er den attande forfattaren som får denne æra. Dei nynorske festspela 2011 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. til søndag 26. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Bjørn Sortland er fødd i 1968, og han debuterte i 1992 med boka Det er ikkje natta. Han har seinare gitt ut om lag 40 bøker, dei fleste for barn og unge, men han skriv også bøker for vaksne.

- Bjørn Sortland skriv for mange ulike målgrupper og han er svært produktiv. Han er ein forfattar som har stor respekt for lesarane sine, også dei aller minste. Han er kjend for ein lett og humoristisk stil, samstundes som han tek born og unge på alvor, heiter det i pressemeldinga frå Nynorsk Kultursentrum

Kva festspelforfattaren skal gjere under Dei nynorske festspela neste år, blir fastlagt utover hausten og vinteren.

– Publikum skal nok få både det dei ventar og noko som overraskar. Festspela blir ganske ulike frå år til år med så ulike festspelforfattarar, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Festspeldiktarar 1994–2011

1994 Kjartan Fløgstad
1995 Halldis Moren Vesaas
1996 Paal-Helge Haugen
1997 Ragnar Hovland
1998 Jon Fosse
1999 Åse-Marie Nesse
2000 Rune Belsvik
2001 Brit Bildøen
2002 Einar Økland
2003 Marie Takvam
2004 Frode Grytten
2005 Edvard Hoem
2006 Olaug Nilssen
2007 Erna Osland
2008 Lars Amund Vaage
2009 Tove Bakke
2010 Rønnaug Kleiva
2011 Bjørn Sortland

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir