Endret: 12.08.2010 kl. 10:57
Audun Garshol er styreleiar i Hamar Musikkorps Jernbanens Musikkorps. Under Hareidsstemna skal dei søndag 17. oktober halde konsert i Hareidshallen. I tillegg til å spele trompet, song Audun Garshol også i KM-koret medan han budde på Hareid. Og no drøymer han om å tromme saman eit storkor til konserten i Hareidshallen. Invitasjon er sendt ut til blant andre Hemingen på Flø, Brandalskoret, Bigset blandakor og Kammerkoret. Men Garshol understrekar at alle som har røynsle frå kor kan få vere med. Dei kan vende seg til kultursjef Oddbjørn Grimstad ved Hareid rådhus.
Koret skal framføre to songar saman med Hamar Musikkorps Jernbanens musikkorps, Triumfmarsjen frå Aida - og Slavekoret, begge komponerte av Giuseppe Verdi.
