Møte med festspeldiktar Bjørn Sortland

Forfattaren Bjørn Sortland, songaren Gunnhild Sundli og musikaren Sigrid Moldestad er alle klare for Dei nynorske festspela 2011. Tysdag 12. april blir det klart kva andre opplevingar publikum kan forvente seg i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda fire hektiske dagar i slutten av juni. Tysdag kveld møter du festspeldiktaren Bjørn Sortland i eit gratisarrangement i Aasen-tunet.

Denne kvelden er alle som vil vere frivillige under Festspela spesielt inviterte. – Innsatsen dei frivillige gjer, er heilt avgjerande for å få festspelhjula til å gå rundt, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Aasen-tunet. Tysdag får du vite meir om kva det vil seie å vere frivillig under Festspela, i tillegg til at du får høyre meir om planane for årets festspel.

Bjørn Sortland frå Bømlo i Sunnhordland er den attande forfattaren som får æra av å vere festspeldiktar. Sortland er fødd i 1968, og han debuterte i 1992 med boka Det er ikkje natta. Han har seinare gitt ut om lag 40 bøker, dei fleste for barn og unge, men han skriv også bøker for vaksne. Sortland har markert seg internasjonalt, og bøkene hans er omsette til mange språk og har kome ut i svært mange land, mellom anna Tyskland, USA og Taiwan. Bjørn Sortland skriv bøker både på nynorsk og bokmål. Langt dei fleste er på nynorsk, og det er naturleg nok desse det blir lagt vekt på under Dei nynorske festspela.

Prislønt

Tysdag kveld har du høve til å bli betre kjend med festspeldiktaren i salen i Aasen-tunet. Her vil han lese frå nokre av bøkene sine, og fortelje litt om forventningane til det å vere festspeldiktar.

Bjørn Sortland skriv for mange ulike målgrupper og han er svært produktiv. Han er ein forfattar som har stor respekt for lesarane sine, også dei aller minste. Han er kjend for ein lett og humoristisk stil, samstundes som han tek born og unge på alvor. Sortland har fått mange prisar, både nasjonale og internasjonale, mellom dei siste er Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2008 for Alle har eit sultent hjerte.

60 festspelpass

Arrangøren for Dei nynorske festspela har lagt ut eit avgrensa tal med festspelpass for sal. Heile festspelprogrammet blir lansert i april, men det er likevel langt i frå nokon risikosport å sikre seg festspelpass alt no. – I løpet av fire opplevingsrike dagar blir det meir enn 40 arrangement. Med festspelpasset i handa kjem du fritt inn på både konsertar, forfattarsamtalar, debattar, foredrag og mange andre spennande programpostar, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Dei nynorske festspela 2011 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. til søndag 26. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: