Held fram samarbeidet under Trebaatfestivalen

Ulstein Mannskor og Ulstein Trekkspel spelte i lag under fjorårets Trebaatfestival. I år gjentek dei seg sjølv, og slår seg saman nok ein gong. 
Foto: Andreas Kleven Rasmussen
Ulstein Mannskor og Ulstein Trekkspel spelte i lag under fjorårets Trebaatfestival. I år gjentek dei seg sjølv, og slår seg saman nok ein gong. Foto: Andreas Kleven Rasmussen
Trekkspelklubben og Mannskoret har bestemt seg for å gjenta samarbeidet frå Trebaatfestivalen i fjor.
Publisert: 12.07.2011 kl. 13:33
Endret: 12.07.2011 kl. 13:38

I fjor under Trebaatfestivalen fekk ein sjå eit rykande ferskt samarbeid Ulstein Trekkspelklubb og Ulstein Mannskor. Dette gjekk så bra at dei gjentek suksessen i år igjen under Trebaatfestivalen, fredag 19. august på utescena ved Blåhuset.

– Kva er ikkje betre enn å få eit mannskor og ein trekkspelklubb til å skape rette stemninga under ein trebåtfestival?, spør presseansvarleg Tom Henrik Muggerud i Trebaatfestivalen.

Disktrikstmeistrane i underhaldningsmusikk i Møre og Romsdal, Ulstein Trekkspelklubb og det 127 år gamle Ulstein Mannskor, har starta eit unikt samarbeid der dei syng kjende og kjære songar som ein gjerne kallar ”shantysongar”.

Dette er muntre viser som sjømennene song med stoltheit og ære, og som gjerne hadde eit snev av lengsel og kjærleik med seg. Det er nettopp dette dei frammøtte skal få ein smakebit av igjen under Trebaatfestivalen i august.

Ulstein Mannskor held jamn aktivitet. Dei syng med sine klare røyster både på kulturtilstellingar, dåpsermoniar og eigne arrangement. Karane med sine karakteristiske islendarar og skipperluer syng med stor innleving og ære, og er av dei mest røynde kora i området. Dei gav også for nokre år sidan ut eigen CD ”I storm og strid”

Ulstein Trekkspelklubb har etter kvart blitt ein solid aktør i området Dei har sidan dei har hatt formidabel vekst og utvikling både musikalsk og sosialt. På under to år har dei markert seg godt i trekkspelmiljøet i Møre og Romsdal med bl.a. først ein 2. plass også året etter, ein 1. plass i underhaldningsmusikk. Dei er engasjert både lokalt og på fylkesplan, og ynskjer alle notekunnige som likar å spele i trekkspelorkester, velkomne i klubben.

– Vi er svært begeistra for at dette ordnar seg i år igjen, fortel Muggerud.

– Det å ha ekte tradisjonell underhaldning under festivalen er noko vi synest er stas, og noko vi strevar etter kvart år, slår han fast.

Han fortel at der mange aktørar som er med på Trebaatfestivalen, men der lite som kan måle seg med ekte korsong og trekkspel, for å lage den beste stemninga på ein festival i denne sjangeren.

– Å få høyre ”Skomværsvalsen” runge gjennom sentrum mens ein ser dei flotte trebåtane nede ved kaiene, kan få fram tårene hos kvar og ein trebåtentusiast, seier Muggerud stolt.

Trebaatfestivalen blir arrangert i Ulsteinvik i august.

På forsiden nå

Nyetablering i Dragsund

PG Hydraulics AS flyttar frå Mjølstadneset til Dragsund. Les meir

Bortimot alle er kampklare

Nesten alle i Hødd-stallen er klare til å spele kamp i Tyrkia torsdag eller fredag. Les meir