Målprisen til Hareid Hotell

”Om du kjem med fly, bil eller båt, vil vi vere der for deg, heilt til du atter finn vegen heim."
(Foto: Anne Gry Eilertsen)

Foto: Anne Gry Eilertsen

Denne vakre velkomsthelsinga står å lese med store bokstavar når du vender deg til Hareid Hotell, som torsdag kveld vart tildelt Målprisen i Hareid for 2012.

Leiar i Hareid mållag, Marit Kvammen, delte ut prisen til marknadssjef Torill Overå.

Ikkje berre har hotellet ei vakker velkomsthelsing, dei nyttar også nynorsk på heimesidene, i alle korrespondanse og i bedrifta sin reklamefaldar.

- Det er ei stor glede å få dele ut prisen til ei bedrift som har

innsett at det er OK å marknadsføre seg på heimemålet i ein bransje der det ikkje er sjølvsagt, sa mållagsleiar Marit Kvammen.

Bibelomsetjing på programmet

Målprisen vart delt ut i etterkant av ein kulturkveld i kommunestyresalen på Hareid rådhus der den nye bibelomsetjinga var tema. Steinar Grimstad, Anne Gry Eilertsen og Bjørg Vartdal Hareide las fem utvalde bolkar i 1938-, 1978/85- og 2011-utgåvene sine språkdrakter.

Etter opplesingane følgde ein diskusjon der fleire personar hadde innlegg og kommentarar. Dei fleste var samde om at 2011-omsetjinga var lettare tilgjengeleg – og hadde stort sett eit betre språk enn dei to foregåande. Men det vart reist ein del kritikk mot at ein syntest å ha fjerna ein del gode, gamle ord for å lette lesetilgangen for nye lesarar.

Frå stabbur til sakristi

Før opplesingane heldt Jan Ove Ulstein eit innlegg om dei historiske kjensgjerningane bak nynorskbibelen. Under overskrifta ”Frå stabbur til sakristi” fortalde han blant anna at all danna tale og skrift her i landet var på dansk heilt til ca 1850. Så tok ting til å skje.

Anders Hovden, som var ein av dei tidlege nynorskbrukarane i kyrkjelege samanhengar, ”gjekk ut i naustet og gret” over reaksjonane han fekk då han preika på landsmål under eit besøk på Nordøyane. Det var motstand også på landsbygda mot å sleppe til landsmålet i kyrkjene. For det religiøse språket var dansk. Jamvel Ivar Aasen skreiv stort sett på dansk.

Men tida arbeidde for landsmålet og nynorsken. Ulstein var nokså sikker på at den danske salmediktaren Grundtvig ville ha skrive på landsmålet dersom han var norsk.

Aasen-normalen var utgangspunktet for nynorsken - og når landsmålet var kultivert nok og hadde festa seg, tok foregangsmennene det i bruk – også i kyrkja. Elias Blix, som samarbeidde med Ivar Aasen, var ruvande i denne samanhengen. Men også andre – slike som Johannes Belsheim og Mathias Skard og Alexander Seipel – var viktige brikker.

Ulstein rådde dei frammøtet til å gå inn og lære meir om dette på nettstaden allkunne.no: - Trykk ”bibelomsetjing”.

Det nynorske bibelarbeidet tok til med at Elias Blix la i veg med å omsetje Salmane til nynorsk i 1853. Hognestad fullførte arbeidet. Den nynorske ”førebelsbibelen” av 1921 har den språkdrakta som poeten Paal-Helge Haugen diktar opp mot i dag.

Jan Ove Ulstein gav si fulle støtte til dei tre t-ane som Karl Ove Knausgård hadde sett for si deltaking i omsetjingsprosjektet for Bibelen av 2011:

Tekst-trohet. Tradisjonsbevissthet. Tilgjengelighet (for nye generasjonar).

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: