(Foto: Knut Bry)

Foto: Knut Bry

To gongar Prytz til Flø

Smykke frå to formgjevarar som har spelt ei sentral rolle for ulike generasjonar i norsk designhistorie vert stilt ut ved Studio Hugo Opdal på Flø neste helg.

Søndag ettermiddag, 4. mars opnar utstillinga der smykke av Camilla Prytz og Grete Prytz Kittelsen vert stilt ut. Camilla Prytz vil sjølv deltake på opninga.

Dei to formgjevarane tilhøyrer ulike generasjonar, men har begge anar frå den markante gullsmedenog designeren Jacob Tostrup Prytz (1886-1962). Utstillinga vil stå til 18. mars.

- Prytz Kittelsen er etter mi meining tidenes største norske designer. Eg har alltid samla på, og beundra arbeidet hennar, seier Camilla Prytz.

Grete Prytz Kittelsen (1917-2010) var ein banebrytande kunsthandverkar i etterkrigstida, som mellom anna samarbeida med sin ektemann og inspirator Arne Korsmo. Bruksgjenstandane som ho designa i emaljert stål var etterkvart å finne i dei fleste norske heimar og blei store eksportartiklar.

Dei rundt 20 mykka i sølv og glas som vert stilt ut på Flø, har svært sjeldan blitt vist offentleg. Smykka vart laga i samarbeid med italienaren Paolo Venini og det er blitt spekulert i at dei kunne blitt hennar internasjonale gjennombrot som smykkedesigner. Samarbeidet vart uheldigvis brutt då Venini døydde brått i 1959.

Sjølv oppfyller Camilla Prytz ein gammal draum med sine nye emaljesmykke som no vert stilt ut på Flø. Kolleksjonen The Enamellist består av handlaga smykke i emalje og sølv, inspirert av hippietida og kunstnarens barndom på 70-talet. Smykka er laga i samarbeid med Opro Produkter AS i Oslo, eit av dei få emaljeverkstadane i landet som forsatt er i drift.

- Eg ønskjer å lage ein 100 prosent norsk produksjon for å setje fokus på at emalje er ein gammal handverkstradisjon som vil døy ut, seier Prytz.

Camilla Prytz (født 1971) er utdanna ved Kosta Boda Glasskole i Sverige og har hausta mange lovord for sine fargerike glasarbeid og unike smykke. Arbeida hennar er stilte ut i ei rekkje kunstgalleri, og er brukt og favorisert av alt frå Hollywood-kjendisar til vår eiga kongefamilie.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
(Foto: knut bry/pressefoto)

Foto: knut bry/pressefoto

Siste nyheter

175 på Melshornet

Vêret var på langt nær topp, men likevel hadde 175 personar funne vegen til Melshornet då Hareid sokn og lokale krefter i Hjørungavåg heldt friluftsgudsteneste der 2. pinsedag.

Frå 80-tals-idol til Sølvguttene

Sommaren i Sande byr på litt av kvart.

Bli med på å male korn på gamlemåten

Framstilling av mjøl vert ein av mange "happenings" under Opplev Hareid

Går frå hakking til pjoning

Vil lære gamle husflidsteknikkar

Dobbelt opp med Edvard Hoem

Forfattaren vitjar Ulsteinvik to gongar på to veker

Tek sjansen på "Ta Sjansen"

Trebaatfestivalen vekkjer suksessarrangement til live att

Stranda skal bli ny innfartsveg til industriområdet

- Ulmatec har kjøpt strandområdet for å utvikle det til industri, kommenterer adm.dir. Håvard Myrene.

No skal ruta ut på anbod

Fylkeskommunen lyser ut til anbodskonkurranse for ein pakke på fire hurtigbåtruter.

Hareid kommune har inngått forlik

Melder ikkje Easy Connect likevel.

Slik gjekk runden

Norling heng i ein tynnare tråd etter 4-1 tap for Levanger. Vi oppsummerer 10. runde i Obos-ligaen.

Skal ordinerast som prest

I Hareid kyrkje 14. juni.

Framme i Nepal - klare til innsats

Gjennom Presenningsdugnaden for Nepal klarte dei å samle inn eit lastebillass med 600 presenningstak til dei jordskjelv-ramma i Nepal.

Skattetaten: - Betal restskatten i tide

Alle som betalar restskatten innan 31. mai, slepp å betale renter på det dei skuldar.

Hareid-rådmannen vil ikkje slutte likevel

Rådmann Bent Arild Grytten har trekt attende sitt ynskje om å ikkje forlenge åremålet.

Statistikk:

Har starta på skjema til opprykk

Etter ti runder ligg Hødd svært godt an samanlikna med opprykslag frå dei siste sesongane.