Ny og betre nettstad for Lurivar

Ivar Aasen-tunet har fornya nettstaden til tunkatten Lurivar. Nettstaden har vore svært populær blant borna sidan opninga i 2006 og dagleg leiar Gaute Øvereng er glad for å kunne presentere nettstaden i ny drakt.



– Mengda av innhald på nettstaden har vakse kraftig og ei opprydding og omstrukturering var naudsynt. I utviklinga av den nye nettstaden har vi først og fremst lagt vekt på å gjere nettstaden enklare å bruke for borna, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Aasen-tunet har samarbeidd med firmaet Agens og Øvereng er svært godt nøgd med den nye grafiske utforminga. Trufaste brukarar vil oppdage eit heilt nytt spel på den nye nettstaden og fleire nye innslag vil kome etter kvart.



Barnehagar og skular

Tunkatten.no er eit aktiviserande formidlingstilbod for born i alderen 5–10 år med nynorsk språk og litteratur. Nettstaden er i dag aktivt i bruk hos både barnehagar og skular. Her finn ein mellom anna lydbøker, kryssord, spel, blogg og forteljingar om Lurivar skrivne av ulike forfattarar. Lurivar har også si eiga songbok med om lag 70 nynorske songar, som er svært populær.

– Ein kan laste ned notar og lydfiler gratis til dei fleste songane, seier Gaute Øvereng.





Bilettekst: Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid og dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet ønskjer mykje besøk på den nye nettstaden til Lurivar, tunkatten.no.



Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

Ekornes-pendlarane:

- For lite tid til barna

- Det verste med pendlinga er at eg får så lite samvær med borna mine, seier Caroline Kvalen.

Arbeidsreise med knappe marginar

– Eg hadde ikkje trudd slutten på yrkeslivet mitt skulle bli slik, seier Evy Beiermann.

Kan ikkje love noko

– Vi er klare over problemet, svarer fabrikksjefen, når Vikebladet Vestposten spør kvifor pendlarane ikkje kan få fem minutt kortare matpause.

Tok sølv i skule-NM

John Henrik Kvalsund Paulsen frå Hareid tok sølv i bilfag i tidenes første skule-NM.

Go'dag:

Å kome seg meir ut i det nære

Les denne vekas Go'dag, forfatta av journalist Andreas Steinnes Bjerknes.

Bryne - Hødd LIVE

Følg Hødd sin kamp borte mot topplaget frå Jæren.

#Journeynebukadnesar

Livet i Karibia

Les om neste del av Tobias Hatløy si fantastiske reise rundt Atlanterhavet.

Fjord 1 tek over fire nye samband

Havila-eigde Fjord 1 skal drifte fire ferjesamband i Hordaland.

Hareidsdøling med i fylket si beste studentbedrift:

- Veldig glade og stolte

Gaute Hermansen kunne saman med sine kollegaer feire prisen for årets studentbedrift i Møre og Romsdal.

Blei junior-norgesmeister i turn:

- Dette var veldig kjekt

Med sigeren i junior-NM er Edel Charlotte Eiken Fosse mellom anna kvalifisert til årets europeiske ungdoms-OL i Ungarn.

Edel Charlotte blei norgesmeister

Edel Charlotte Eiken Fosse blei norgesmeister individuelt under helgas junior-NM i turn.

Ønskjer å sørgje for ei trygg og god russefeiring:

No har russefeiringa starta

Russepresident Kjetil Frøystadvåg Kvalsvik likar å ha ansvar. No er russefeiringa i gong, og han har ansvar for 150 medruss.

Lada opp på Blåsarbua:

- Vi er ein flott fotballfamilie

Fleire av Hødd-spelarane varma opp i forkant av bortekampen på Jæren med eit besøk innom Blåsarbua.