Eksklusiv Munch-visning på Flø

Torsdag fekk om lag 60 kundar i Sparebanken Møre sleppe inn i Studio Hugo Opdal for å sjå kunsten til Edvard Munch.

I tillegg til å sjå på kunsten, fekk gjestene også eit foredrag om Munch av to Blomqvist-tilsette, og servering frå eit bugnande tapasbord.

Dei 60 gjestene var kundar frå Hareid, Herøy og Vanylven. Fredag vart same arrangementet gjennomført for kundar frå Ålesund.

Bakgrunnen for invitasjonen er at Sparebanken Møre er hovudsponsor for Munch-utstillinga i Studio Hugo Opdal.

Til ei lydhøyr forsamling kunne Blomqvist-ekspertane opplyse at det totalt finst om lag 25.000 trykk signert Edvard Munch. Dette kan høyrest mykje ut, men 15.000 av dei er eigd av Munch-museet. I tillegg har også ein del andre museum sikra seg trykk av Munch. Det er derfor ikkje så ofte Munch-trykk er til sals. Alle trykka er signerte av Munch, og ingen av dei er heilt like.

Blant bileta som no heng på Flø er ei utgåve av ”Vampyr” og to ”Madonna”-bilete. Eit i svart/kvitt og eit i fargar. Det var facinerande å høyre ekspertane frå Blomqvist fortelje omMunch og bileta hans. Framfor ”Vampyr” vart det snakka om det noko trøblete kjærleikslivet til Munch. Han fekk aldri skikkeleg has på samværet med kvinner. ”Vampyr” skildrar korleis ei kvinne syg krafta ut av mannen.

”Madonna” vekte sterk harme i mange krinsar då det vart laga. Blomqvist-eksperten opplyste at det skildrar ei kvinne midt i seksualakta, i det ho blir besvangra. Borda rundt biletet er sædceller og nedst i venstre hjørne er eit foster motivet. Det fall mange tungt for brystet at biletet fekk namnet ”Madonna”, og enkelte har klipt sædcelleborda bort frå trykka.

Beate Gjerde Mork i Sparebanken Møre Ulsteinvik meiner det er ei stor anerkjenning for det vesle bygdegalleriet at Blomqvist legg førvisning av Munch-auksjonen til Flø.

- Vi i Sparebanken Møre er glad for å kunne bidra til at folk her i distriktet får oppleve kunst i verdsklasse. Det er truleg første gong publikum får sjå den verdskjende kunstnaren sine bilete i Møre og Romsdal, og vi er stolte over å kunne bidra til å gjere dette mogleg, seier banksjef Melinda Skeide på Hareid.

Gallerist Hugo Opdal opplyser at utan støtta frå Sparebanken Møre hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre Munch-utstillinga.

Mange pengesterke Sparebanken Møre-kundar var til stades på dei eksklusive visningane torsdag og fredag. Om nokon melde si interesse for å kjøpe bilete, er ukjent, men enkelte hadde diskre samtalar med Blomqvist-representantane. Bileta er i prisklassa frå 1,2 millionar til om lag 9 millionar kroner.

Laurdag er det offisiell opning av Munch-utstillinga. Og då får alle som vil høve til å sjå den unike utstillinga.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
Siste nyheter

Godt besøkt Kultloppis

Får skryt for loppekvaliteten

Boklansering med sunnmørsk kakebord

Forleggaren var i sjokk over oppmøtet på Adolfbuda

Syner fram unike, tyske krigsbilete

Sjå krigen på Sunnmøre skildra gjennom tyskarane sine eigne fotografi på Hareid folkebibliotek.

Markerer 1. mai med felles frukost

SV-laga i Hareid og Ulstein inviterer

Ventar invasjon av amerikanske bilar

Ikkje akkurat snik-amerikanisering.

Har nokon sett Torres?

Forsvann frå Skeide i føremiddag.

Nepalsk kjerringråd gjorde susen

Kvitlauk og akevitt mot prostatakreft.

Kleven har fått grønt lys frå De Beers

Stadfestar fartøy for mineralutvinning.

Kjem statue før 17. mai

Utsmykkinga av miljøgata er i full gang.

Heider til T. Riise

Hareid Mållag gav T. Riise årets målblome.

Ikkje ei sykkelkrone å få

Staten deler ut 95 millionar, men ingen kroner til Møre og Romsdal.

Dette bør Ulstein gjere noko med

Ungdomsrådet i Ulstein har uttalt seg.

Tidefjord tilbake på fjorden

No skal trafikken gå som normalt på Hareid - Sulesund.

Meiner Ulstein øydelegg

Styret ved landbrukskontoret fryktar at om Ulstein kommune trekkjer seg ut av samarbeidet vil heile kontoret bli lagt ned.

- Må sjå bak resultatet

Hødd 2 fekk brynt seg mot Brattvåg, som med 2-0 sigeren på Høddvoll måndag har sikra seg ni av ni moglege poeng i sesongstarten.