Furuholmen bles i gang kunstivalen

Magne Furuholmen opnar kunstivalen Go With the Flø 2012 med øyredøyvande lyd frå verdas største mobile horn.

Kunst, musikk og mote møtast igjen for meir gøy på landet under kunstivalen Go With the Flø søndag 24. juni.

Det er Studio Hugo Opdal, Paul Stolper Gallery i London, Moods of Norway og bygdefolket på Flø som samarbeidar om arrangementet.

Årets kunstival opnar med ei solid utblåsning. Magne Furuholmen fremfører eit verk, spesialskrevet for kunstivalen. Verket vert framført på hornet Desibel - verdas største mobile horn, og er basert på lydopptak frå det lokale skipsverftet Kleven Verft og lydar frå Flø-bygda.

Det Berlin-baserte søskenparet Nils og Sven Voelker inntek den nedlagte skulen på Flø med ein hyllest til lyse og lufta saman med ein dose science fiction.

Den britiske kultlegenda Robyn Hitchcock spelar opp til intimkonsert ved forsamlingshuset på Flø. Singer-songwriteren som gjennom tre tiår har gitt ut ei rekkje kritikarroste album, får selskap av Magne Furuholmen på scena, i tillegg til Anne Lise Frøkendal og Frode Strømstad frå I Was a King.

I lokala til Studio Hugo Opdal opnar kunstutstilling med verk av mellom andre Bjarne Melgaard, Sverre Koren Bjertnæs, Damien Hirst, Nicolay Aamodt, Håvard Vikhagen, Jim Medway og Magne Furuholmen. Utstillinga held ope i heile sommar.

Talentutstilling

Nytt i år er ein eigen utstillingsseksjon med "Go With the Flø New Talents". Kunstnarane som stiller ut her er utvalde av Paul Stolper, Magne Furuholmen og Håvard Vikhagen. Frist for innsending av digital portefølje er 31. mai 2012.

- Go With the Flø er eit arrangement for heile familien. Som tidlegare år, står bygdefolket på Flø for matservering, kunstverkstad og andre spennande aktivitetar for borna. Flø feriesenter har kunstivalcamp heile jonsokhelga. Ei unik traktorutstilling og lansering av splitter nye Moods of Norway-kle gjer opplevelsen komplett, skriv Studio Hugo Opdal i ei pressemelding.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: