(Foto: Joar Drønnesund)

Foto: Joar Drønnesund

Terningkast seks til Skollebakken

Teatergruppa frå Skollebakken gjekk til fullt hus på Alvehaugen og Kulturveka med framsyninga “Meir enn det daglege brød”. Ulsteinordførar Jan Berset gav dei terningkast seks.

– Eg sat med tårene i halsen store delar av framsyninga. Det er første gang eg ser ei framsyning frå Skollebakken, og eg er veldig imponert. Teateret passa utruleg god til Kulturveka. Dei får heilt klart terningkast seks, stadfester Ulsteinordførar Jan Berset etter eit vellukka teatershow på Alvehaugen i Ulsteinvik tysdag føremiddag.

Gode attendemeldingar

Høgrepolitikar Heidi Strand er samd i utsegna frå Berset.

– Dei har verkeleg toppa teateret i år. Det vert berre meir og meir velsmurd, og det er eit flott bidrag til Kulturveka, understrekar Strand.

Strand talte til publikum at dei i har i dag har fått meir enn det daglege brød, og vel så det. Og at dei er både stolte og glade på teatergruppa sine vegne, i det ho overrekkjer ein flott bukett blomar frå Ulstein kommune og kommuneadministrasjonen til teatergruppa og teatersjef Elin Pedersen.

Pedersen fortel til lokalavisa i framkant av framsyninga at dei deltek for tredje året på rad, og at det nærast har vorte ein tradisjon for dei å kome til Kulturveka og Alvehaugen.

– Vi er om lag 30 personar frå tenesta psykisk helse og rus frå Skollebakken i Ulsteinvik, kor vi i vil gjere noko i fellesskap, i staden for å tenkje på individuelle samtalar, fortel Pedersen.

Og at dei hadde ambisjonar om å fullføre teaterframsyninga med god kvalitet, fekk publikummet sjølv sjå i det om lag ein time lange teatershowet.

Rikt innhald

Koordinator Svanhild Rise i tenesta for psykisk helse og rus, innleia showet saman med dei om lag 29 deltakarane på scena.

Før vi omtrent rakk å knipse bilete av dei, var dei i full sving på scenekanten med sjølvskrivne songar, tekstar og lyrikar kombinert med dans, levande musikk og eigen teatertrommis.

Ole-Bjørn Ringstad fyrde i gang showet med songen “Røkke, Gjelsten og I”, før vokalisten Gert Endre Fjelle og pianist Øyvind Lied entra scena med to nydelege songar ved namn “Can I Hold You” og “Me and my baby walking down the street”.

Karl Johan Osnes hoppa inn i mellom teaterstykka med festlege imitasjonar som fekk latteren til å gå laust inne i kantinesalen.

På strak arm imiterte han kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete, nyheitskorrespondenten Hans Wilhelm Steinfeld og til slutt i showet, sjølvaste Kong Harald.

Elles var framsyninga fullspekka med flotte menneske som song vakre songar som hadde betyding for dei som personar. Eit veldig røyrande show, som trefte dei fleste i publikummet godt ned i hjarterota.

Lova vekk ein masse pengar

Til publikum si store begeistring vart Ulsteinrådmann Einar Vik Arset lokka fram på scena av teatersjef Elin Pedersen.

– Du høge mørke mannen som står lengst bak i salen, med ei glas i handa, kan du kome fram her å hjelpe meg litt, lokka Pedersen.

Då Arset var kome midt blant publikum braut ut Pedersen at det var sjølvaste rådmannen ho hadde ropt på.

Arset stilte meir enn gjerne opp saman med Pedersen, og fekk på seg ei flott t-skjorte frå Skollebakken.

Og at Pedersen plukka ut rådmannen som den “frivillige” var nok godt planlagt. For Pedersen hadde hjelpt Arset med å skrive ei songtekst som skulle vere frå Arset sjølv, som ho mest truleg hadde forfatta heilt på eiga hand.

For i songen kjem det fram kor rik kommunen er, og kor mykje pengar rådmannen har i disposisjon. Og overraskande var det heller ikkje at rådmannen ville gje vekk alle pengane til Skollebakken og teateret.

Arset flira godt med i songen, og stemninga vart brått høg blant publikum som storkosa seg med den heimesnikra rådmannsangen til Elin Pedersen.

Rådmannen hasta seg ut

Alt i alt fekk teatergruppa stor applaus når dei avslutningsvis gjekk på scena for å synge takkesongen sin.

Det lukkast ikkje å få kommentar frå verken kultursjef Leif Ringstad eller rådmann Einar Vik Arset som hasta seg ut dørene etter at showet var slutt.

– Vart rådmannen bekymra for kommuneøkonomien etter den flotte songen sin?



Du kan også lese saka i papirutgåva av Vikebladet Vestposten på torsdag.

(Foto: Joar Drønnesund)

Foto: Joar Drønnesund

(Foto: Joar Drønnesund)

Foto: Joar Drønnesund

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Kong Karsten av London:

Kong Karsten av London:

- Det er heilt sjukt!

Reisa til verdseliten i friidrett:

Slik blei Karsten best

Sanka innspel frå lokale verksemder:

– Ønskjer å betre vilkåra

Tidlegare rektor og lærarar vitna i mobbesaka

- Dette blei ein verkeleg vekkjar for oss

Fleire vitne forklarte seg i mobbesaka i lagmannsretten:

- Ein klasse med mange uromoment

Sparebank 1 Søre Sunnmøre opnar opp for lokalt eigarskap:

No kan ein eige ein bit av banken