Det bosniske radarparet er med dette kome til runde tre i det populære fjernsynsprogrammet på TV2. Fredag 9. november opptrer dei live på TV-skjermen.

Vikebladet Vestposten skreiv tidlegare i haust om korleis humorduoen gjennom musikken sin kjem med eit skråblikk i innvandringsdebatten. Erfaringane frå eigne liv og opplevingar gjev inspirasjon til tekstane dei framfører.

Eingongsviser

Talentet deira er å lage eingongsviser. Det vil seie at dei lagar viser som er spesialskrive til spesielle anledningar og høver godt til å bli spelt ein gong. Visa dei skal framføre førstkomande fredag har fått namnet “Runde 3”, og handlar sjølvsagt om at dei no har kome til runde tre.

Songen dei song for å kome seg gjennom dommarutveljinga førre gong heitte typisk nok “Dommedag”.

Bås 9A

Igor og Elvis er ikkje så glade i at folk vil stigmatisere dei.

– Folk vil gjerne setje oss i bås, og Mia (Gundersen) ville setje oss i bås med ein gong me kom. Men me kjem alt frå ein bås. Me kjem frå Bås 9A som er rett ved sidan av Bås 9B, skøyar duoen i eit videointervju med TV2.

Første gongen dei var på fjernsynsskjermen fekk dei dommar Mia Gundersen til å le så ho nesten tissa på seg. Fredag er det telefonstemmene frå sjåarane som avgjer.

Telefonstemmene avgjer

Igor og Elvis er ein av ni deltakarar som skal i elden på fredag. Den med flest sjåarstemmer blir sendt direkte til semifinalen den 30. november.

Dommarane vel så kven av andre og tredjeplassen som blir sendt vidare.

Så vil du ha Igor og Elvis vidare er det berre å slå på skjermen og finne fram mobiltelefonen.