Heller pudding enn porno

Fifty shades of grey danka ut av sagopudding

HOT Boka «Go'bitar frå besta si kokebok» dankar ut bestseljaren «Fifty shades of grey» i dei lokale bokhandlarane 

Kultur

NPK: På ytre søre Sunnmøre dankar gamle bestemoroppskrifter ut bestseljande erotikk.

Det skriv Sunnmørsposten, etter ha sjekka topplistene til bokhandlarane i Fosnavåg og Ulsteinvik.

Kokeboka «Go'bitar frå besta si kokebok» av dei to lokale forfattarane Olaug Hatløy og Ingebjørg Lyster sel altså betre enn boka som toppar listene hjå dei fleste andre bokhandlarar, den erotiske romantrilogien Fifty Shades of Grey.

Dei to lokale kokebokforfattarane bestilte først 1000 bøker, men då dei raskt forsvann bestilte dei 4.500 nye. Boka med bestemoroppskriftene er først og fremst til sals i bokhandlarar på Sunnmøre, men også i fire butikkar i Oslo, mellom anna hjå Christiania Glasmagasin.