Over tjue innslag var på planen då ungdomens kulturmønstring (UKM) vart sparka i gang laurdag kveld. Kveldens to første innslag var framført av dei to yngste deltakarane på forholdsvis elleve og tolv år. Begge to viste fram talenta sine ved å spele keyboard.

Resten av programmet før pausen var i all hovudsak framføringar av ulike songar, med unntak av eit dansenummer og ei videoframsyning. Kulturkonsulent Annika Brandal vonar at fleire vil leike meir med kreativiteten i framtida.

- Eg skulle gjerne ha sett at fleire tok initiativ til å lage eit litt meir variert program. Til dømes var det berre eit par danseinnslag i løpet av kvelden medan dei fleste framførte ein song. Vi såg mellom anna at responsen vart litt større då ein av deltakarane valde å trikse med ein såkalla ”Diabolo” fordi dei fekk servert noko nytt. Når det er sagt så var variasjonen i musikksjangrane såpass stor at det gjekk heilt greitt, fortel Brandal.

- Over all forventning

Brandal valde i år å bevisst delegere mykje av oppgåvene knytt til arrangementet til ungdomane sjølve. Ettersom dette var ein kveld for og av ungdommar ville ho gi dei litt friare spelerom. Det var difor ungdomsråda i Ulstein og Hareid som stod bak det meste av arbeidet. Leiaren i Ulsteins Ungdomsråd, Ruben Voldsund, var særs godt fornøgd med kvelden.

- Dette gjekk over all forventning. Både Ulstein og Hareid Ungdomsråd har jobba godt for å få til denne kulturmønstringa. I tillegg har vi fått god hjelp frå Bell Ungdomsklubb og ikkje minst kulturkontora i kommunane, forklarar han og støttar opp om synspunkta til Brandal:

- Eg veit ikkje heilt kva som er årsaka til at så mange vel å synge. Det er ikkje usannsynleg at dei fleste assosierar kultur med musikk og lagar innslaga sine deretter. Dersom eg får lov å leggje fram eit ynskje så vonar eg at fleire tek sjansen på å prøve seg på litt meir utradisjonelle påfunn, avsluttar Voldsund.

Kur mot sceneskrekk

Marthe Hansen (16) var ein av konferansierane som leia det om lag tre timar lange programmet. Sjølv om ho eigentleg har sceneskrekk var ho ikkje i tvil om at dette var noko ho hadde lyst til å vere ein del av.

- Å vere konferansier er eigentleg kjempekjekt. Heile gruppa tenkte at sidan vi først skulle vere på scena ei god stund så kunne vi like gjerne ha det litt gøy og sleppe oss lause. Mykje av det vi gjorde tok vi litt på sparket, noko som gjorde showet litt meir impulsivt og artig, fortel Hansen.

- Kvifor tok du på deg rolla som konferansier når du erkjenner at du har sceneskrekk?

- Det er først og fremst ei god erfaring. No som alt er over er ikkje eg så uroa over å stå på scena lenger og har lyst til å prøve meg fleire gongar på liknande arrangement. Eg vil difor oppmode folk til å stille som konferansier dersom dei skulle få moglegheita, konkluderer ho.