Då klokka passerte tolv på laurdag, gjekk Sunnmøre folkehøgskule frå Ulsteinvik og Rønningen folkehøgskule frå Oslo på ei scene ved Kulturalmenningen i Ulsteinvik sentrum. Dei var klar for å presentere programmet under årets Dansens dag”.

Sola kika fram

Då danselærar Hilde Maria Nicolaisen innleia med å ynskje velkomen, hadde nesten ikkje nokon møtt fram for å få med seg showet. Men dei til saman 300 elevane frå SUFH og RFH var likevel klare til å danse.

Då musikken byrja å klinge i husvegger og sentrumsgater, vakna laurdagshandlarane og tok turen inn på Kulturalmenningen for å sjå kva som gjekk føre seg.

– Vi har sjølvsagt kjempestore forventingar til showet trass vêret. Yr.no har lova oss strålande sol, så vi gir oss ikkje. Men vêret har sjølvsagt mykje å seie. Feire og kose oss med “Dansens dag” skal vi gjera uansett, flirer danselærar Hilde Maria Nicolaisen i ein kommentar til Vikebladet Vestposten før showet starta.

Mellom dei ulike innslaga av dans greidde SUFH og RFH å danse sola til Ulsteinvik. Sjølv om vêrmeldingstenesta Yr.no hadde spådd sol frå klar himmel, måtte danseelevane starte sceneshowet med regn og hagl på scena. Det såg ut som ei kald oppleving for ei gruppe frå Rønningen, som hadde ei framsyning der dei fleste dansarane låg og kraup på scenegolvet. Sympati fekk dei frå publikum.

Feirar 10 år

I år er danselinja ved SUFH ti år. Det storslegne danseshowet er ein del av SUFH si feiring. Det er også “Dansens dag”, der fleire tusen elevar landet rundt dansar for folket. “Dansens dag” er ei internasjonal dansemarkering.

Grunna "Dansens dag" var Rønningen folkehøgskule invitert til feiring og markering. Skulane har frå før eit svært godt forhold og samarbeid med kvarandre, der dei saman har framsynt ulike dansemusikalar på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik.

Publikum fekk sjå innslag frå begge skulane, og kvar for seg. Med flotte kostyme, rytmiske bevegelsar, leverte skulane eit forrykande show som freista dei fleste til å danse med.

Det var eit særs flott og godt gjennomført show sjølv om vêrgudane ikkje spelte heilt på lag.